Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Harahorn og Hydalsbergi. Hemsedal komplett.

Dato:
31.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
13,6km

Nydeleg vèr med helga. Då passa det å ta dei to siste toppane som mangla på Hemsedal-lista. Litt sein start i dag. Køyrde over Hemsedalfjellet, til Tuv, og opp til Vavatn. Parkeringa ved startskilta var full. Fann ei parkeringslomme 100 m forbi turstart. Mange folk som hadde Harahorn som turmål i dag. Denne ruta er mykje nytta, noko som er forståeleg. Det er ein fin utsiktstopp, og litt egg siste 100 meter bort til toppen. Eg heldt fram vidare over dei toppane som dukka opp. Lett å gå heile vegen til Hydalsbergi, og toppen som gav meg 100 %. Veldig fin utsikt til grøne dalar og vidder under vegs. Og til toppar eg hadde besøkt før. Returen var stort sett grei også. Litt storur, som eg nok kunne ha unngått, ved å helde litt lenger sør. Men ville ha sikta ned mot Hydalen. Flott >>>

Kart    

Vetanosi

Dato:
28.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
9,6km

Tur etter jobb i dag. Alltid fint å gå opp frå Fodnes. Sjølv etter gode regnbyger siste dagane, er det ikkje særleg blautt i stien. Det som er tøft med denne turen, er at terrenget blir brattare frå Stegen, 565 moh., og enno brattare frå ca. 700 til 1050 moh. der det etter kvart flatar litt ut. Anstrengende opp. Utsikta nedatt er formidabel, og returen er lettare for lungene. Låra får køyrt seg litt da. Brukte 1:39 frå stistart borte ved Fodnes, og til toppen. Nedatt 55 min. God treningsøkt.

Kart    

Fimreitåsen

Dato:
21.08.2024
Turtype:
Blandet sykling
Distanse:
28,4km

Målet var ein enkel ikkje så høg topp utpå Fimreitåsen. Men i staden for å køyre til Fimreite, satsa eg på lang og bratt sykkeltur på off-road sykkel frå Haukåsen. Parkerte like ved flyplassen. God grusveg innover. Litt dårlegare veg frå krysset til Storehaugen og opp til stølen Lingesete. Vidare på ny anleggsveg av høg standard heile vegen, til like ved toppen. Høgaste punkt 900 moh. Så moro køyring til dels bratt, og med nokre hårnålsvingar, ned til 520 moh. Kuppert opp til toppen på 770 moh. Særdeles flott utsikt til Fresvik frå litt forbi toppunktet. Det var fin utsikt også undervegs på den fine sykkel-turen. Stigninga oppatt mot Dueskarvarden var brattare enn stigninga frå flyplassen og opp. Tok med toppen Lingesetfjellet, på returen då eg var like ved. Ein >>>

Kart    

Hemsedal, Veslebotnskarvet m. fl.

Dato:
17.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
24,9km

Var litt i tvil om turen lot seg gjennomføre i dag grunna vind. Satsa på Yr.no sin overestimering. På brattaste partiet mot Kyrkjebønøse var det vanskeleg å halde seg på føtene grunna vinden. Men det roa seg oppå fjellet, og vinden var i ryggen. Leinnøse etter 1:55, og då tok eg avgjerd om neste topp. Kunne alltid sleppe seg ned i Trøymsbotn, om det vart for gale. Men rundturen gikk som planlagt, og vinden var berre sporadisk til plage. Godt nøgd med rutevalet, og eg hadde førebudd meg og sett på diverse spor til liknande rundar. Men valet tek ein stort sett ved å lese terrenget, når det er bra sikt som i dag. Appen og sporet er godt å sjå til om ein er usikker, eller litt ute av kurs. På siste toppen var plan å gå i retning vatnet, men urda var grei, og eg slepte meg >>>

Kart    

Hemsedal, Grytingen og Storehorn

Dato:
11.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:58t
Distanse:
13,9km

Køyrde til Hemsedal og på holete grusveg opp til Hornset parkering. Volum-besøkande går nok til Veslehorn og fotograferer styrtningane der. Eg gikk 10 meter på sti, og så rett opp til fyrste topp, Slettefjell i Hemsedal. Bratt start på dagen, men lettare vidare. Eit steppeliknande landskap, så med ismett av myr-område. Greitt og lett til Grytingen. Mykje same rute nedatt frå fjellet, og så langs vatnet i retning Storehorn. Denne og den mindre Veslehorn er flotte fjell, spesielt frå nokre perspektiv. Det er bratt opp mot Storehorn, 270 brutale høgdemeter frå innsteget. Men det er fint å gå opp, og ikkje vanskeleg. På toppen blæs det kraftig. Sette meg i ly bak ei fjellhylle og åt litt. Så nedatt, og opp på Veslehorn. Tilbake på hovudstien. Nokre få regnbyger i dag, som >>>

Kart    

Klantenovi 9

Dato:
09.08.2024
Turtype:
Løpetur
Distanse:
4,0km
Kart    

Geitanosi

Dato:
06.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:46t
Distanse:
7,7km

Fin ettermiddagstur med Sander. Parkerte ved brua etter Hornsvatnet. Sti og varding innover fjellet. Lettgått og enkel tur. Flott utsikt mot toppar og dalføra. Såg ned i Vassbygdi. Gløymde å stoppe appen. Tur-lengd er korrigert etter polar-klokka, og gps-sporet er sletta. Raskt å komme seg til høgfjellet ved å køyre snøvegen til Aurlandsfjellet.

Kart    

Årdal, Fleskedalsnosi m.fl.

Dato:
01.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
23,7km

Ny tur i Jotunheimen på andre av to feriedagar midt i veka. Nytt for meg å gå tur frå Koldedalen. Fint å gå innover, og Uranostinden er umåteleg vakker tett på. Vi gikk opp eit skar, fyrst på Skarbottnosi, så nedatt, og opp på «Fleskedalsnosi». Namnsettinga på denne er truleg feil. No har eg nytta namnet Fleskedalsnosi, fordi det er namnet som automatisk kjem opp frå Peakbook. Kartverket nyttar Skarbottsnosi, som må vere feil. Skarbottsnosi må vere 1693-toppen. Etter innspel basert på lokal kunnskap over tid, har fjellryggen namnet Fleskenosi, og då bør høgaste toppen bere namnet Fleskenostind. Greitt ned frå denne, nytt skar, og opp til Nord for Fleskedalsnosi (som burde hatt namnet Nord for Fleskenostind, eller Fleskenosi, sidan den er nest høgast, og høgast før «Tinden»). >>>

Kart