Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Vetanosi

Date:
18.12.2021
Distance:
10.1km

Mildværet kom, etter ein lang kjøleg periode. Skisesongen var i gong, men no smelta snøen opp til ca 1100 moh her hjå oss. Då opna det seg for topptur til fots. Gikk ruta frå Fodnes kai mot Fagerset, men tok av umerka rute Vetanosi rett opp (står eit lite skilt langs stien). Og denne er bratt, og sug krefter. Om lag ved tregrensa var det litt snø og is i stien, og snø-kjettingar måtte på. Etter kvart møtte det meg kraftig vind pressa opp frå gjelet. Måtte på med boblejakke og sette sjø-bein innimellom. Litt forsiktigheit på det brattaste partiet. Godt når det flata ut, og eg kunne følge stien i retning mot store varden. Gikk ikkje bort til den, men skrådde 90 grader mot topp-punktet nokre hundre meter før. På toppen blæs det godt. Ca. 2 timar opp. Direkte start på returen. >>>

Map    

Toppar ved Tyin

Date:
30.10.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.0km

Det opna seg eit ver-vindauge mellom regnkavane, som har dominert siste par vekene. Då vart det på nytt Valdres-jakt på toppar over 100 pmf. i Vang kommune. Terrenget over Tyin passa fint så seint på hausten. Heller vanleg at det ligg snø i høgda rundt 12 - 1500 moh. denne tida på året. På Norgekart-appen såg eg at det var sti opp frå eit mindre hyttefelt nær elva Målnesbekken. Og rett frå ein hyttevegg var det som venta sti, opp til det flata ut ved ca. 1250 moh. Fint å gå, og ikkje vier og lyng her. Det kunne ha gitt ein blaut opplevelse etter all nedbøren. Det var halvskya og ein stor del sol fyrste timen. Fint å gå her oppe. Nydeleg utsikt i alle retningar frå dette området, som har Jotunheimen mot nord. På høgaste toppane, over 2000 meter, har det komme godt med >>>

Map    

Sverrestien - Klanten

Date:
16.10.2021
Distance:
4.1km

Surt på toppane i dag, og snøgrensa har komme ned mot 1100 moh. Då lyt ein ta det som finst i nærområdet. Difor vart det ein lett tilgjengeleg 100 pmf. topp i Lærdal, Klantenovi, som den einaste. Slik er det når ein bur i ein av dei djupaste dalane i landet. Toppane med 100 pmf. er stort sett å finne mellom 1300 og 1900 moh. I mellom sesongane er dei ikkje så tilgjengelege. Ved Sverrestien - Vindhella-vegen, er Klanten eit unntak. Her er fint med rundtur, og ein får oppleve det vakre veganlegget med dei høge murane i tillegg til topp.

Map    

Gilafjellet

Date:
09.10.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.7km

Det var meldt skya ver, men ein god varm haustdag i stølsområdet ved Syndin i Valdres. Då freista det på nytt å trille over Filefjell etter det vellukka besøket til Grindane med fleire sist helg. Denne gongen greidde eg å riste Marita laus frå systova, slik at eg hadde turfylgje. Samt ein freistnad på å syne henne noko av Valdresnaturen. Vi køyrde opp ved Ryfoss, og fann greitt fram til parkeringa mellom Nørdre og Midtre Syndin. Fin og tydeleg sti opp flanken mot fjellet. Fleire på tur oppover. For ein sogning er stigninga her veldig moderat. Lett å gå. Ein liten kneik frå sti-delet og opp, der eit skilt viste Kruk til venstre. Siste 700 meter mot toppen i grei ur. Etter skifte av kle, fann vi ut at vi skulle ta med ein liten topp til, Tangefjellet, før vi returnerte til Kruk. >>>

Map    

Smådalsfjellet

Date:
02.10.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.7km

Det blei rett på ny tur, etter at eg var tilbake frå Grindane. Greitt når ein kan ta ein ny tur frå same utganspunkt som bilen er parkert. Berre å snu seg 180 grader frå førre tur, og gå i motsett retning. Og denne ruta, denne topografien, var rake motsetnad av førre. Fleire runde koller, metta med lyng, runde fine former, og ikkje berg og fjell. Men berg og fjell elles er det rundt ein på alle kantar. Min fyrste tur oppe i dette område. Har sjølvsagt sikla på desse fjella lenge. Når ein kjem køyrande austafrå og ser fjella over Vang, særleg Bergsfjellet og Grindane, ja då kan ein nesten bli relegiøs. Men dei store mektige fjella oppi terrengen over Vang, har også snille flotte runde dalføre, og det er mektig natur på alle måtar. Og så lett tilgjengeleg med bomvegane >>>

Map    

Grindane

Date:
02.10.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.5km

Endeleg var det klart for tur til Grindane. Har vore på lista lenge. Men det er så mange fjell som skal opplevast. Men berre køyreturen opp frå Vang og innover her var mektig. Store vidder mellom dei svære blokkene av nokon fjell-kolossar, som er strødd rundt om. Det er alltid kjekt å komme til nye fjell, og utforske nye område. Sidan eg har fått litt gratis på Vang-lista, då eg er frå Lærdal, og vi har ein del grensefjell, så må det plukkast fleire. Turen var nydeleg. Fin oppvarming å gå kjapt innover flatene til fjellfoten. Fin sti opp til skaret, og mindre bratt en eg er vand med. Fint høgt gjerdeklyv, før ein dreia til høgre og tok tak på sjølve Grindane hovud-fjellet. Fint, og passe bratt, med gode vardar og sti. Toppen kom raskare på enn venta, 1:12 etter eg forlet >>>

Map     3 comments

Sjønosi og Grånosi

Date:
28.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.3km

Ettermiddagstur etter jobb. Fin sti bratt opp til stølen Glep. Det er merka sti også vidare innover fjellet, til utsiktspunktet "Sjønosi". Denne ruta innover er nydeleg å gå begge vegar. Utsikta frå varden er svært fin. Ein får utsikt til Sognefjorden, og ser innløpet til Lusterfjorden, Årdalsfjorden og Lærdalsfjorden samstundes. Det var litt kald vind i dag, så ingen omfattande fotografering. Litt mørkt også. Etter besøket på dette turmålet, sikta eg meg inn på toppen Grånosi. Ikkje meir enn 70 i pmf. men topp er topp, når ein fyrst er i nærleiken. Fin utsikt herifrå. Det var låg sol mot Bleia i dag, så den utsikta var vanskeleg å dokumentere. Fann ei fin fri-rute ned frå toppen i retning mot sporet opp. Skikkeleg god ettermiddags-trim :)

Map    

Storehaugen og utsikten.

Date:
26.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.7km

Motbakke-trening i nærområdet. Denne ruta nytta eg regelmessig for nokre år tilbake, og i ein 10-årsperiode førut. Då som motbakketrening, i tida eg deltok litt i mosjonsløp i motbakker og på sykkel. No blir det meir fjell- og toppturar, og i litt lægre tempo. Gikk ned til flaggstanga ved varden. Den ligg eit par hundre meter vest frå toppen av Storhaugen. Der er nydeleg utsikt ut fjorden. Og ein får fugleperspektiv på Lærdalsøyri, nesten 900 meter rett ned. I dag brukte eg 1:15 i greitt treningstempo. Manglar 15 % på kondisen. Det lyt trenast jamt i motbakke-løyper skal ein halde oppe tempoet. Det var no godt å presse seg litt, etter gamalt. Merkar framleis til fotskaden, som nok har redusert kapasiteten noko i sommar. Flotte haustfargar, og fin temperatur å trene i.

Map    

Litlehesten og den høgaste vetle

Date:
19.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.2km

Målet i dag var dagsturhytta Skaraly på ruta mot Kvamshesten (Storehesten). På vegen fekk vi råd om å gå ut på Litlehesten. Til Storehesten har eg vore tre gonger og Marita 10 gonger. Etter fleire turar denne helga, var ikkje topptur planlagt. Vekas mål var fem dagsturhytter, og målet nådd. Det er ein fin måte å bli kjend i Sogn og Fjordane på, og som rekognosering til turar og kulturelle opplevingar. Men det kribla, og topptur vart det. Landskapet her blir innan geologien definert som "devonisk sandsteiner og konglomerater". Det er skapt ved noko av dei mest dramatiske tektoniske prosessane i vår geologiske historie. At det er spesielt, opplever ein når ein går her blandt runde sva med myrar i mellom. Kuppert, fasinerande både på nært hald og på avstand. På >>>

Map    

Bygdefjellet

Date:
18.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.5km

Tur til Dagsturhytta i Fjaler kommune. Fint å gå oppover mot varden. Fint å sjå over mot Atløyna og Askvoll. Og lenger Aust Blægja og Kvamshesten. Fantastisk utsikt frå toppen og ut mot havet. Så litt vidare å gå ned til hytta Vidsyn. På retur opp mot Varden tok vi litt under den, kom inn på sti, og rusla nedover. Vi prata litt og kosa oss. Etter kvart fekk eg ein følelse av at heia var litt lengre enn på turen opp. Då vi såg nedover i terrenget om lag ved ein benk, forstod vi at her gikk vi IKKJE opp. Litt flaut, då eg rekna meg erfaren i fjell og terreng. Vi kom ned ved Skår på Folkestad. Men vi fekk da variasjon, og eg ein joggetur på 4 km tilbake til parkeringsplassen ved Furset. Korrigerte avstand på sporet, då appen vart starta undervegs.

Map