Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Raudbergnuten

Date:
30.03.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
35.0km

Nydeleg fjellskitur med Lærdal turlag på langfredag i eit fantastisk vér. I alt 15 deltakarar stilte ved Breistølen fjellstove kl. 09:45. Litt sur sno ved start. Straks inn i Stardalsgjelet gav vinden seg, og var lite til plage resten av dagen. Fyrste rast ved Starsjøen, og andre ved Bjordalsbu. Her valde 6 av turfylgjet å returnere. Til Bjordalsbu t/r er ein betydeleg tur på ca. 25 km t/r. I dag var det folk i mellom 10 og 20, i 30, 40, 50 og 60-åra. Kjekt når det er folk i alle aldra på fellestur :) Ni av oss gikk så over Bjordalsvatn, og opp til toppunktet på Raudbergnuten, grensefjell for Lærdal, Hemsedal og Ål. Veldig fin og jamn stigning opp til toppen. Utsikta her var formidabel i alle retningar. Etter litt foto var det å gli nedatt til Bjordalsbu for ein liten rast om >>>

Map    

Stora Grånosi

Date:
28.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.5km

Besøkte Stora Grånosi for andre gong. Toppen ligg lett tilgjengeleg som skitur frå Vardahaug, 12 km opp Erdalen, og ca. 15 min. biltur frå Lærdal. Utsikta er formidabel. Her får ein 360-panorama med høge vestlandsfjell, alpine toppar, fjordlandskap, mjuke snøvidder, djupe brebotnar. Ja, alt i ei pakke. Sjølv om nabotoppen Bleia av mange blir rekna for toppen med stor T i området, er dette min favoritt når det gjeld utsikt. Tek du ferja Fodnes - Manheller, er det denne toppen du ser inst i Vindedalen mot sør. Denne toppen må du prøve. Med randoné-utstyr var det svært moro nedatt. Stakefri retur i laussnø med gode svingar :)

Map    

Kjølbergtinden

Date:
27.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.4km

Ein må stadig utforske nytt terreng, og sett bort frå dei fyrste 500 meterane, hadde eg ikkje gått her før. Det var nydeleg skiføre, og sol frå skyfri himmel. Inn dalen, og om lag i 20 minuttar, var det litt tak i motvinden. Det løya då eg kom opp til 1475 vatnet. Brukte toppturskia i dag, då eg såg føre meg eit par fine nedkøyringar. Det fungerte fint. Valde å skøyte over 1475 vatnet på returen, i staden for feller på. Turen hadde fungert veldig fint på fjellski også. Det var ein del folk ute i terrenget, såg tre grupper, ma. to spreke hundar som måtte helse på meg. Nokon valde å gå opp 1390 toppen under Eldrevassbergi, og køyrde den brattaste linja ned. Eg trur dei tok fleire turar :) Tre fine nedkøyringar på returen, der ein kunne lage fine svingar. Nydeleg dag i >>>

Map    

Storehaugen

Date:
24.03.2018
Characteristic:
Hike
Distance:
6.0km

Årets fyrste tur til Storehaugen i Lærdal. Dette er traséen til motbakkeløpet "Storehaugenopp.com". Snøtrasé vesentleg frå Svinakleivi og opp. Noko is innimellom frå Hardasiglet. Nytta snøkjetting på deler av turen. Mykje snø oppi, og vakker utsikt som alltid. Fyrste gong eg registrerer denne lokale toppen på Peakbook.

Map    

Kvitingsmorki

Date:
17.03.2018
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
8.3km

Trugetur i Naturreservat. Frå Sagi til Kvitingsmorki. I dag vart det stølstur med Lærdal turlag. Ikkje topptur, og knapt rett å registrere her ? Men ein nydeleg tur som eg tilrår, vinter som sommar.

Map    

Skjeltrene

Date:
13.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.6km

Lysare kveldar, og eg rakk ein topptur etter arbeid. Avspasserte ein halvtime, og køyrde til Filefjell. Det vart ein fantastisk tur. 15 - 20 cm pudder, så litt tungt opp i skogen. Heilt urørt terreng etter nyleg snøfall. Stille. Eg gikk rundt toppen, til Grønevatn, og opp på baksida, då eg rekna det for tryggast. Sola skein, sett bort frå når eg runda fjellet på austsida, og kom i skuggen. Men eg nådde att sola då eg nærma meg toppen. Fekk med ein solnedgang på veg opp. Himmelsk. Var nede att i bilen i skumringa, og fekk slik sett med det flotte raude lyset som avsluttar dagen.

Map    

Stardalsfjellet

Date:
10.03.2018
Distance:
14.5km

Fin ettermiddagstur på Stardalsfjellet med Marita. I dag valde vi randonee-ski. Vi gikk inn Dnt-ruta mot Bjordalsbu, og opp sør for Stardalsmønen, ved andre grova som kjem ned frå Stardalsfjellet. Opp her var det herleg fin laussnø. Det kribla alt med tanke på returen. Då vi skulle finne ruta etter vi kom opp bratta, viste det seg at eg var utanfor kartet på GPS, samt at Peakbook-appen hadde hengt seg opp, og viste ikkje spor. Intuisjonen min sa at vi skulle dreie meir mot høgre, men skiterrenget var finast rett fram. Så vi følde det fine terrenget og jamne stigninga. Opp på ein rekognoseringtopp, som viste seg å vere på Kaldevassryggen. Frå toppen såg vi kor toppen var :) Då la vi i veg i fint lettkuppert terreng bortover ryggen mot toppen. Morosamt terreng. Vakkert. Då vi >>>

Map