Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Filefjell - Suletinden avbrote

Date:
26.02.2022
Distance:
20.6km

Skitur med håp om topping, og fine svingar med randonee på retur. Den muligheita blåste bort. Men det var god trim, og ein grei tur-opplevelse.

Map    

Erdal - Vardahaug støl

Date:
19.02.2022
Distance:
19.2km

Kjøyrde til bommen, ca. 300 moh. Gikk oppover fjellvegen/snøvegen i mykje fin laussnø. Nokre skispor, og eit snøskuter-spor oppover. Svært idyllisk, og mykje snø frå Kvigno. Ved ei hytte i Sluppen var skuteren parkert, og eitt spor heldt fram til like før parkeringsplassen ved Vardahaug. Det var fin sol innover dalen. Til no 9 km, og 600 høgdemeterane. Ei god transport-etappe før rette fjellet. Plan var ein topp, Vardahaug, eller Grånosi. Men etter som eg held fram rett opp småbjørkeskogen, framleis velsigna med spor av ski (med hund), byrja det å snø tett. Nådde Vardahaug støl i total White-out. Avgjerd retur, og null topp, var då lett å ta. Forstod at det vart utfordrande å renne ned att. Av med feller, og følgde spora i svak helling, men så gikk sporet flatt bortetter, >>>

Map    

Fremre Brusestølnosi

Date:
11.02.2022
Distance:
3.7km

Fin ettermiddagstur med Yngve. Kraftig vind mot toppen. Kan så vidt skimte eit fjell på fyrste bilde. Var i tvil om vi hadde sikt opp. Det gikk då det løya siste 100 meter opp flanken. På toppen var det vanskeleg å stå oppreist. Klargjorde retur 30 meter nedanfor. Utruleg flott pudder-snø på køyringa nedatt. Morro inni skogen til sist.

Map    

Klantenovi 2/22

Date:
06.02.2022
Distance:
4.1km

Med vind i høgfjellet, sludd og uvêr i låglandet, må ein plukke den einaste toppen i nærområdet, som er rimeleg greitt tilgjengeleg.

Map