Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Bukkehøe

Date:
30.04.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
13.3km

Stortoppfangst på ein fin avspasseringsdag med Marita. Dette var vår fyrste topp på over 2000 meter på randonee-utstyr, og min tredje på ski. Køyrde frå Lærdal litt før kl 8. Nær Turtagrø var det mange campar, og utruleg mykje folk. Mange som nytta findagen til ein topptur. Også ved Geitsætra var det folksomt, og bilar i rekkje på over 200 meter. Vi var spent på korleis dette ville bli, særleg då det viste seg at det var knallhard snø då vi sette av garde. Sett bort frå at Marita glei og missa skia straks etter start i eit isete parti nær elva (kunne ha vorte skummelt nok å rase 5 meter ned steinurda i Ytre Illåe), gikk turen fin-fint :) Noko utfordrande i det brattaste partiet, sidan det var hardt/isete, og ruglete grunna mykje folk på tur i det siste. Vi såg at ei >>>

Map    

Øvre Salen

Date:
28.04.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.9km

Fin tur til Øvre Salen med Yngve, mann til mi niese Mari. Vi som har hytter på Smeddalen, har gått mange gonger til Salen, som vi lokale kallar den fyrste og mest markerte toppen. Det er også til denne 99 % går. Og frå denne toppen er det kontinuerleg renn nedatt til brua over Smedals-osen. No er denne toppen vorte eit eldorado for hyttefolket på Filefjell som vil ha fin randonee-tur. Det kan vere verd å merke seg, at skal du på Øvre salen, og rette toppen på fjellet, så må du gå i sørvestleg retning. Litt ned og opp, småkuppert, og ca. 15 minuttar så er du på Øvre Salen, 1588 moh. Dei fleste som er på Salen, er alså på toppen Nordaust for Øvre Salen, på 1567 moh.

Map    

Stora Grånosi

Date:
15.04.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.6km

Frå Vardahaug med Marita.

Map    

Såta

Date:
12.04.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
11.2km

Var lysten på ein topptur etter arbeid, og valde Såta. Berre 10 min i bilen opp i Erdal. Gikk over hengebrua til Mork, og følde stien mot Nyborg. Etter 20 min vurderte eg å snu, då snøen var relativt djup, og eg trødde i gjennom. Angra på at eg ikkje plukka med trugene som tenkt. Fekk prøve litt til, og det vart betre etter kvart, med harde trugespor som bar. Ei stund. Det vart verre att lenger oppi. Fekk på Randoskia på om lag 780 moh. og då gikk det som ein leik oppover. Ei ny oppleving å komme til Nyborg på ski. Innover Tjørnadalen steig det lett og jamn, men med kraftig vind i mot. Det var avblæse, og lite fok. Ingen problem å halde fram mot toppen. La ruta på hyller oppover som det naturleg gav seg etter kvart. Ikkje bratt eller vanskeleg då. På toppen vart eg møtt >>>

Map     3 comments

Smeddalsnosi

Date:
01.04.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
7.0km

Randonee-tur til Smeddalsnosi med Yngve.

Map