Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Torghatten

Date:
23.06.2017
Distance:
1.6km

Torghatten vart utforska. Tur til toppen. Så tur opp til, og i gjennom holet. Til sist kveldstur rundt heile Torghatten-fjellet.

Map    

Heilhornet

Date:
22.06.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.6km

Denne gongen vart det berre nesten. På ferietur i nordnorge kom vi over denne forlokkande toppen. Ein finfin fjelltur blei det, i ukjende omgjevnader :) Nær toppen motte vi ned i eit skar, og over ein egg knapt ein meter brei. Ein bolta kjetting var til hjelp i denne overgangen. På siste bratte partiet forsvann raudmerkingane delvis inn i ei bratt snøbru. Vi vurderte det litt usikkert å gå på dei store blokkene ovanfor. Fallhøgda ned til breen/snøbrua (som ein ser på biletet) er betydeleg, og ei utgliding kunne bli livsfarleg. Eit følge på 3 unge kom listande rundt ei stor blokk med lite å halde seg i. Dei meinte at dette var lett. Eg sjølv vil heller gå ei gong seinare på året, når snøen har smelta meir. Ja om eg kjem på dei kantar ei annan gong. Det var i alle høve ein >>>

Map    

Veslesmeden

Date:
20.06.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.6km

Map    

Rondeslottet

Date:
18.06.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:47h
Distance:
13.6km

Map    

Skorsfjellet og Bøttejuv

Date:
11.06.2017
Distance:
10.8km

Ein fantastisk fin tur med Lærdal turlag tidleg i juni. Med kjentmann Jon Einemo fekk vi god guiding. Historiar frå gamal tid. Stølar og historiar om buføring og korleis dei levde her i tidlegare tider. Vi gikk "Gamle buforvegen" opp frå Skår. I motsett retning av kvar ein går til vanleg når ein skal til Skorsfjell-varden og Bøttejuv. Slik fekk vi både historien, gå over fjellet, info om fleire stølsområde, og ein rundtur. Det var trygt å bli ruta rundt heile Bøttejuvet. Jon viste kor det var god utsikt, kor det var trygt å gå (ikkje ut på snøkanten), og kor frå ein skulle ta det beste fotoet :) Spektakulert utsiktspunkt.

Map