Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Vetanosi - Fagerset

Date:
31.08.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.8km

Tur etter jobb med Joakim. Frå ferjekaien på Fodnes og «Vetanosi Rett-opp». Ei rute med super utsikt ut fjord-armane. Flott utsikt også til store toppane ved Lærdal. Ruta går frå kaien, og etter kvart på opparbeida/merka sti. Flott utsikt frå Stegen, ca 550 moh. Frå ca. 700 moh. forlet ein stien til Fagerset, går rett opp på umerka, men opparbeida sti. Veldig bratt (ikkje luftig /utsett) ca. 180 høgdemeter, og så eit par bratte kneikar vidare. Det flatar ut litt over 1000 moh. Skal ein på høgaste punktet (SjekkUt), skrå venstre mot toppen før varden. Frå toppen er det innimellom sti/trakk nedover mot Fagerset. Derifrå på tydeleg merka sti att, med retur til Fodnes. Det er også ruter over til Lærdalsøyri her.

Map    

Klantenovi 8

Date:
29.08.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
3.7km
Map    

Storgrovhøene

Date:
27.08.2022
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
13.5km

Køyrde over Tindevegen i ausande regnver og skodda fredag. Har aldri sett så lite fjell på ein fjellovergang. Men det var meldt strålande laurdag. Parkerte etter å ha teke av mot Leirdalen. Starta kl. 9:30 laurdag. Vi var spendt på kryssing av elva. Det var fleire løp, og vi brukte litt tid. Passerte elva ca, 1260 moh. Partiet opp langs elva her var mykje uryddig grov og til del laus ur. Det strevsame partiet på turen. Då vi såg brea, skrådde vi opp, og kom så til ei morene, som gikk over i eit parti meir som ei egg. Så eit flatt parti med irrgrøn mose, før ei lang-lang men lite bratt ur. Denne følgde vi på høgre sida av ei snøbru opp til bandet mellom høene. Gikk opp på Fremre Storgrovhøe fyrst. Og for ei utsikt til Galdhø-piggane og den flotte Storjuvbrean. Naut utsikta >>>

Map    

Bjøbergnuten og Hestebottfjellet

Date:
22.08.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.0km

Innlagt feriedag og topptur i Hemsedal. Gikk ruta som går frå Bjøberg mot Bjordalsbu ca. 2 km, og sikta meg opp fjellsida. På avstand såg eg meg ut ei rute opp flanken. Det var bratt eit parti, men det gikk greitt. Hadde sett på eit FB-spor som eg trudde eg følgde. Då eg kom ned til brua, såg et at "tiurjegern" nok hadde valt litt brattare, meir ryggen ca. 250 meter lenger aust. Toppa etter 1:12. Fin utsikt til Bjøberg og ned Mørkedalen frå toppen. Så bar det kjapt nedover, ei rute meir rett på brua. Fin bru utan rekkverk. Fint å gå i dag, halvskya, og lite vind. Kryssa store elva som går ut frå 1367 vatnet mot aust etter ca. 3 - 400 meter. Dette grunna mykje vier på andre sida. Vurderte å følgje elva, men ombestemte meg for å sjekke ut dei grøne toppane. Sat >>>

Map    

Ulvisnubben og Eikeshorn

Date:
20.08.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.5km

Fin ettermiddagstur med Marita. Hovedmålet var Ulvisnubben. Det er merka rute frå Galdestølen. Sjølve toppen er flat, men 100 meter forbi er ein på kanten, og ser ned til Borlo og hovud-dalføret Lærdal. Utsikta er fantastisk herifrå. Halvanna time i tur-tempo tek det å gå ut hit. Etter ein pause med skjeve, bestemte vi oss for å ta rund-tur, og gå over Eikeshorn. Det var svært fint å gå vidare her. Veldig grøderikt, ope landskap og med god utsikt rundtomkring. Eikeshorn må bestigast frå baksida, sidan den har loddrett fjellvegg mot sør. Det var lett å finne ei fin rute opp. Hadde utsikt mot Bleia, til Smeddalsvatn, Berdalseken og Jotunheimen. Sva og steinblokker på toppen, men også gras innimellom vidare austover. Fint oppå her, og ein topp som nok får lite besøk. Ein >>>

Map    

Hugakøllin

Date:
08.08.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.5km

Etter nydeleg tur til Storelifjell i dag, måtte eg få med ein Vang-topp til. Hugakøllen er lett tilgjengeleg, når ein køyrer opp på fjellet. Noko som eg normalt ville kalle for juks. Ja-ja, eg får ta den frå Kongevegen/Kvam eller Øylo ei anna gong. Fin utsikt var det forsyne meg frå "Køllin" også. Det er vel det rette Valdres-namnet.

Map    

Storlifjell. Gråskarvet med naboar.

Date:
08.08.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.9km

Fint ver i Valdres, og feriedagar til gode. Det hadde ulma litt i helga sidan eg ikkje hadde komme meg på tur. Angra ikkje på valet. Finfin tur i noko av den flotteste naturen landet byr på. Ja, det har eg nok sagt om mange andre stader og. Spennande med nytt terreng, og eg vart bergteken av hausttur til Grindane i fjor. Byrja å gå i delvis skya kl 11:36. Lett høgfjellsterreng, nesten utan stigning i starten. To km til Hallingsteinen. Ur fyrst ved ca 1500 moh. Fann store blokker, så det gikk kjapt opp til Jørundgilknappen 1710 moh. etter 1:21. Gikk rett på fortoppen, men kunne ha skrådd under den. Nydeleg utsikt frå varden. No var det ikkje langt til Gråskarvet. Fine blokker ned mot skaret, og jamnt stigande bort til varden på dagens høgaste, Gråskarvet, 1731, etter 20 min. Her >>>

Map