Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Hovden på Glipsfjellet

Date:
12.11.2016
Distance:
8.2km

Det er litt for tidleg for ski, og nesten for seint for fottur i fjellet. Men vi prøver. I dag køyrde eg opp Erdalen i Lærdal, og parkerte ved Vardhaug bru. Det stod at vegen var stengt på eit skilt 3 km opp i dalen, men bommen var open. Fleire bilar stod parkert lenger oppe. Hjortejakt enno. Eg var litt spent på om det var for mykje snø for Saab Aero med senkesett. Det haldt hardt. Subba nedi dei siste to km, men kom meg til Vardahaug p-plass. Fint å gå på den merka stien opp til Vardahaug støl. Godt med raudmerker, og det er til god hjelp når ein ikkje ser stien skikkeleg grunna snø. Om lag 10 - 15 cm snø, og greitt å gå. Vurderte å ta med truger, men det var nok litt for lite snø til det. Kjende på kor godt det var å komme ut i den stille og fredelege naturen. Spesielt >>>

Map