Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Vaset og 3 Lærdalstoppar

Date:
26.07.2019
Distance:
38.0km

Kvifor gjere det enkelt ? Av turen på 38 km er 27 km på sykkel, og over 1000 høgdemeter. Byrja ved Borgund Kraftverk, ca 400 moh. Følgde anleggsvegen opp og innover. Fyrst er det 12 svingar, så banan. Det er framleis skikkeleg bratt. Etter vel ein time var eg ved Vaset-dammen, 1095-1125. Kraftig stigning i kombinasjon med nytt dekke, grov pukk, gjorde sykkelturen vidare innover krevjande både teknisk og kondisjonsmessig. Det var noko lenger enn tenkt. Så etter 2 timar 5 min, var eg klar for gåtur til dei tre toppane :) Fotturen vart lettare og kjappare enn eg hadde sett føre meg. Følgde flænene inn mot foten av Bidlesteinsnosi, og gikk ganske rett på. Kom opp på ryggen, litt over, slik at eg fekk fin utsikt til Kaldevatnet og området nordaust. Måtte ta inn litt inntrykk her, >>>

Map    

Storivilen frå Lom

Date:
16.07.2019
Distance:
26.4km

Fekk ein noko impulsiv idè om å byte ut ein roleg feriedag med rusling i Lom sentrum, til å bestige Storivilen. Og kvifor ikkje gjere det på den mest tungvindte måten ? Byrje frå varden i Lom sentrum utanfor Norsk fjellsenter. Som sagt så gjort. Oppdaga at stien var av det bratte slaget. Ikkje uventa. Men den gikk ikkje i fine sirklar slik vi er vande med på gode stølsvegar i heimbygda. Nei, rett opp, er det som gjeld her. Og det lyt nok terrenget ta mest av skulda for. For det er bratt, og etter kvart ved ca. 800 meters høgde, går stien inntil bergryggen. Varmt var det. Flugene surra rundt i tett lag, men måtte sjå seg slått av mitt mygg- og flåttmiddel, som heldt dei på 1 cm avstand frå det meste av kroppen. Det var veldig greitt då terrenget flata ut litt under punktet >>>

Map    

Trolltinden

Date:
13.07.2019
Distance:
27.9km

Då var dagen klar for vår 10. og siste topp i Rondane-massivet. Vi kom til Dørålsæter dagen før, og overnatta i bubilen. Fint vèr, og vi kom av garde litt før kl. halv 9. Nydeleg dag med varmt og mest sol. Lang anmars, men svært vakkert å oppleve dei store avstandane med fjell og toppar som dukkar opp undervegs. Etter vel to timar såg vi Trolltinden for fyrste gong. Sett på avstand virka ikkje toppbestigninga så omfattande, men her skulle vi ta godt feil (noko vi for så vidt var førebudd på). Sjølv ved foten av fjellet ein knapp time etterpå, såg bestigning grei ut. Det som overraska var kor fort tida gikk i baksinga mellom dei enorme blokkene av fjell som legg strødd ned heile nordsida av toppen. Det tek rett og slett tid, men blir aldri vanskeleg. Skikkeleg opptur då >>>

Map    

Storsmeden

Date:
10.07.2019
Distance:
15.1km

Map    

Stølsnøse

Date:
04.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.3km

Tur to i dag frå same utgangspunkt, men no frå hi sida av vegen. Plan var å gå rundt vatnet, og ryggen til topps. Kom inn på fin sti med det same. Følgde då heller den under svarte berget. Var spent på om eg kom opp nokon stad. Det ordna seg ved enden, med ein fint lite oppklyv. Så runda siste knaus, over på stien den vanlege ruta og til topps. Fin utsikt. Det var og eit skar i det svarte fjellet med oppgang litt tidlegare enn der eg gikk. Ser på spor at andre har teke seg opp der. Det er nok brattare, og ikkje så greitt.

Map    

Raudbergkampen

Date:
04.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.7km

To kjappe turar ved Tyin. Parkerte rett under Tyin, der hammaren er sprengt ut. Gikk ganske rett på og opp ryggen. Ned att litt meir mot nord. Fin utsiktstopp.

Map