Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Loppenosi

Date:
08.10.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
20.8km

Denne søndagen vart det ein fin tur i fjellet, med haust og vinter til. Vèret var heilt sol, slik det var meldt. Parkerte mellom Smedalsvotni på Filefjell. Hadde teke med syklar, og trakka inn fjellheimen på anleggsvegen mot Nyset-Stedje. Ei velsigning å ha slike godt vedlikehaldne anleggsvegar, slik at ein kjem greitt langt inn i den ville fjellheimen. Vi var spent på føret. Kor langt ned ligg snøen, og kor mykje ligg i vegen. Snøen nådde oss på ca. 1100 moh. Men låg fyrst berre flekkvis i vegen. Sola hadde nok smelta litt snø både i dag og i går. Det vart ein fin sykkeltur innover. Ein kjenner godt stigninga opp frå Sluten. Vi sette syklane att nokre hundre meter før Øvre Vikadalsvatnet. Fann ei fin led opp på ryggen. Etter 50 høgdemeter byrja vi verkeleg å kjenne på snødjupna. >>>

Map