Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Hestebakkdalen

Date:
31.01.2021
Distance:
11.4km

Plan i dag var ein rund-tur på Hemsedalsfjellet. Hang med nokre tur-kompisar frå turlaget. Ikkje nødvendigvis topp-tur i dag. Gikk inn Hestbekkdalen med fylkesgrensa som utgangspunkt. Veldig fint og lett å gå inn den flate dalen. Kun 200 høgdemeter til fyrste skar, og nedover til eit sel ved nedre Råskardtjernet. Der vart det ei rast. Det hadde blåse opp litt dei siste 15 min, og det var godt med ly bak selet. Etter mat og varm drikke gikk vi vidare nedover. Nedst ved vatnet vurderte vi kommande oppstigning med tanke på bratt og snøforhold. Vurderinga blei då, at vi snur. Men føret var fint, og ein nydeleg dag til å gå på ski. Fine spor tilbake også. Runden rundt Vesle Jukleeggi lyt vi ta ein annan gong. Eventuelt gå opp i fjellet litt tidlegare, heller enn å gå inn heile >>>

Map    

Bleia i Borgund. Frå Eldrevatnet.

Date:
24.01.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
19.1km

Fantastisk å komme seg på topptur i kalde januar. Eg fekk henge med Finn og Rolf i dag, på fjellskitur frå Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet. Bleia var nemnt som mogeleg turmål. Ja om det ikkje vart vurdert for stor rasfare, på utsatte punkt. Og viss det ikkje vart for mykje tung laussnø. Tida var også ein faktor her, då dagen er kort enno. Litt før kl 11 kom vi av garde frå parkeringa. Fint skiføre og gode spor i starten, inn mot Ulvehaugen. Vidare laga vi våre eigne spor. Fint skiføre, og etter kvart kom vi høgt nok til å få sol. Godt med nysnø, litt tungt innimellom, men mest berre vakkert. Litt gjennomslag til stein i det bratte partiet opp foten av fjellet. Så vidare flatt, og litt ned. Så måtte vi vurdere rutevalg med tanke på rasfare. Vi hadde alt høyrt drønn, der >>>

Map