Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Vang, Skyrifjellet og Kyrklanten

Dato:
01.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
22,0km

Fyrste etappe 6,5 km på offroad-sykkel. Frå 660 til 1250 moh. Måtte gå av sykkelen og trille korte bratte parti, men stort sett på hjul opp. Inn skaret der det flata ut, var det nokre globar til overnatting. Parkerte sykkelen etter 1:15. God utsikt derifrå. Gå-etappa var 9 km samla. Fint inn dalen attmed elva. Mange småflokkar med tamrein som beita. Dei trakk forsiktig opp og til sides når eg nærma meg. Svak og jamn stigning inn, men litt brattare og ur til sist. Toppa Skyrifjell 38 min etter fyrste gå-etappe. Fin utsikt mot dei store fjella over Vang. No vel 50 min til Kyrklanten. Noko ur innimellom, men fint å gå. Flott utsikt ned i Sanddalen. Gikk vidare ned ryggen av toppen, og sikta meg inn på eit skar, for å sleppe for mykje grusveg til der sykkelen venta. Sykkelen trilla >>>

Kart    

Lærdal, Bårdshøgdi og Såta

Dato:
27.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
19,8km

Tur i heimeområdet. Dette er ikkje lettaste ruta til Bårdshøgdi, men ei rute eg hadde lyst å gå. Frå Tønjum mot Badnestein gikk det greitt med lågt tempo. Vidare mot Krosshedleren og opp åsen mot Triangelpunktet, 1000 moh., og Skigrov, 1250. Pause og mat der. På etappa mellom 0:45 og 1:15 sleit eg. Utruleg varmt i dag, med 29 grader nedi dalen viste det seg. Veldig fint å gå frå Skigrov opp til Bårdshøgdi. No med god vind. Fantastisk utsikt undervegs på denne turen. Lett, og greit steinparti bort til Store Grånosi. No kosa eg meg. Vinden auka på, og rundt toppane blæs det no kraftig. Temperaturen var så høg at det ikkje var eit problem. Lettgått også til Vetle Grånosi. Men eit noko bratt kort nedtak til venstre for ei snøbre. Ned frå Vetle Grånosi var det innimellom >>>

Kart    

Ranastongi-runde i Hemsedal

Dato:
24.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
27,8km

Denne runden minus fyrste låg i god prioritet oppi hovudet. Sidan eg observerte Boven på tur i Ål -fjella, sende eg ein SMS førespurnad laurdag. Tilfeldigvis hadde han planlagt denne runden måndag. Berre at han hadde plussa på med ei ekstra raud nål. Litt raskare retrett frå Porsgrunn søndag, der vi var på feriebesøk. No med kurs Vavatn. Marita var sporty og tok bussen vidare frå Tuv og heim til Lærdal. Avreise litt før 9:30 dagen etter frå Vebuleino. Der byrjar stien mot Ranastonge. Klårver og varmt. På sti i lett terreng oppover, før vi litt etter elvekryssinga, gikk inn dalen i retning Steinbunøse (også omtala Hydalsberget). Toppa etter 1,35 og 5,7 km. Så retning Ranastonge, og status 10 km ved ankomst varden. Nydeleg utsikt til «alt». Såg til Gaustatoppen og til >>>

Kart    

Gyranfisen

Dato:
20.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
15,8km

Ja berre namnet er jo verdt ein tur. Neida. Val av tur har med at det alltid er interessant med ein 500 pm + topp. Så har vi ferie, og med mål forbi området. God grusveg opp på fjellet der vi parkerte bubilen kvelden før. Eller heller skogen enn fjellet. Tett gran og bjørkeskog, og sjølv om det er mange hytter, så ser vi berre eit få. Eg hadde følt meg litt innestengt. Så eg var spent på turen. Fin sti opp eit dalføre. Ja mykje skog her, men den slapp taket ved ca. 950 moh. Så då blei det fjellandskap opp til fyrste topp. No kosa eg meg. Så litt utanomsti for å plukke ei grøn nål. Vidare litt ned i myr og skogsområde, som transport-etappe mot fjellfoten av Gyranfisen. Stor stein der, og med tavle som beskreiv ski-ruter. Fint og gå til toppen. Tok 10 minuttar pause her. >>>

Kart    

Skaget

Dato:
19.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
8,1km

Vakna i bubil på fjellet nær Robulstølen, og klar for ny turdag. Veret var regnbyger, så det hasta ikkje å komme av garde. Las i Fjell og vidde, og sjekka yr og storm utover føremiddag. Bygever fram til ca. kl. 13. Køyrde etter kvart dei 7,5 km som stod att før vi var framme ved ny opparbeida parkeringplass. Tydeleg bygd som tilrettelegging for turfolk. Her var også bygd flott toalett-bygg i naturstein. Steintavler som forklara om Langsua nasjonalpark var også på plass. Møtte ingen på toppturen til Skaget. Eit par på sykkel inn og ut av området, ellers aleine med denne store naturen. Svært fin tur i nydeleg terreng å skue på. Ikkje minst utover desse endelause lyng- og myrområda. Kan ikkje beskrivast, må opplevast. Fin sti oppover. Litt brattare med stein og blokk-parti, >>>

Kart    

Kjølafjellet og Gravfjellet med fleire

Dato:
18.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
11,4km

Målet var Kjølafjellet, noko som var grei skuring. Undervegs kom eg i vurderinger om ein rundtur. Og slik blei det. Fyrst på grusveg eit stykke, før tydeleg og mykje brukt sti til toppen Kjølafjellet. Held fram vidare mot neste topp med stor varde. Flott utsikt på turen over fjellryggane her. Frå Skaget, Rasletindar, Kalvehøgder og Torfinnstindar, og mange fleire. Store kontraster, når ein så vender blikket austover til snillare terreng. Nydeleg stølsvidder innimellom, og rundtomkring. Vakkert. Valde å halde fram på sti over ryggen, og returnerte på sti i motsatt retning etter kvart. Viste seg at det var god sti til siste raude topp, Gravfjellet også. Tok så ryggen nedatt. Litt lenger en retur frå skaret kanskje, men fin rundtur blei det. Marita serverte god kaffi og øl i >>>

Kart    

Javnberget

Dato:
18.06.2024
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,1km

Feriestart. Skal vere i Porsgrunn til fredag. Då kan ein plukke nokre Valdres-toppar på veg, var tanken. Slik blir det. Byrja med Javnberget. Grei sti, men blautt i dag etter noko bygever. Svært flott utsikt frå toppen. Mot Jotunheimens mektige toppar, og Skaget m.m. Gikk opp til Storebergtinden på retur. Køyre vidare til Robølstølen.

Kart    

Amleholten

Dato:
12.06.2024
Turtype:
Løpetur
Distanse:
5,0km

Kjapp trimtur på veg heim frå tjenestereise. Veldig fin denne runden i skogen mellom Amla og Festingdalen. Tok ei litt anna rute enn til vanleg, på det siste stykket opp ryggen mot toppen.

Kart    

Areberg og Gravehovdane

Dato:
08.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
14,9km

Kombinerte Lærdal turlag sin stølstrim, med ein topptur i dag. Meldt regn på ettermiddag, og mogeleg snø på toppane, så eg planla og komme på god veg med retur, før det tunge regnværet skulle komme. Det heldt, og med ei god regnbyge siste kvarteret. Det er god skogsveg til å byrja med. Grunneigar har lagt om på stien slik at den ikkje går om Engi, noko som er eit godt tiltak. Då får dyra der meir ro og fred. Ein time og 5 min opp til den flotte "oransjefarga" steinhytta på Areberg. Og utsikta ned i Nesdalen herifrå er fantastisk. Sjekka ut Stølstur-posten på Ut-appen. Vidare var det sti til ca. 1100 moh., m.a. paserte eg stølsmurar ved ca. 1050. Så var det å finne ei god rute opp mot toppen. Fekk litt sol også innimellom. På returen kom det ein liten snøkave. >>>

Kart    

Inste Håsteinen og Høydalsnipa

Dato:
31.05.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
14,9km

Kombinerte jobbærend i Førde og noko avspassering. Håsteinen har eg sikla på eit par år. Det eg ikkje fekk, var utsikt frå toppen, sidan skodda hang ved. Likevel var det natur og variasjon som gjorde turen flott i alle fall. Kom frå nordsida, og tok av ved P-skilt. Om lag 300 meter opp mot gardane, var det tilrettelagt parkeringplass med Vipps-betaling kr 60. Skilta til turmålet, og nytt skilt på sti til høgre litt før ein gard. Det oversåg eg desverre, og rota meg opp på tunet. Stien fekk meg til bru, og over elva. Vidare ein god etappe med gards- og traktorveg til pilskilt. Så gjennom skog og utmark til grind, og sti opp til ny bru. Etter bru var det trakk rett fram, og sti til høgre. Eg følgde sist-nemnde. I ettertid vist det seg at det ikkje var ruta som var gps-merkt på >>>