Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Monsetjodnstølen og Volldalsnosi

Date:
30.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.3km

Ettermiddagstur til Stølstrimposten ved Monsetjodnstølen. Dette er turposten som er lengst unna av Stølstrimmen 2019/20. 10 postar. Litt blautt etter dagar med regn. Tok ein tur om Volldalsnosi for å forsvare bruken av Appen. God trim.

Map    

Nedre Tverrberget

Date:
19.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
30.5km

Nydeleg tur i Borgundsfjell på Filefjell. Og nett innom Årdal også. Sykla vel 8 km innover anleggsveien frå Sluten. Litt før Vikadalsvatnet, gikk eg rett på fjellet Graveggi. Var litt spent om eg kom opp der. Men eg fann framkommeleg rute på hyller og ur. Toppa dagens fyrste Graveggi aust, som ligg i Lærdal. Så var det vidare til hovudtoppen, Graveggi. Den ligg i Årdal. Greitt dit. Ned frå denne, og med bein sikt til Nedre Tverrberget. Litt vurderingar for å finne rute, men det løyste seg med fine hyller nedover. Snart vart det frodig og fint. Lettkuppert og kjekt å gå med nydeleg utsikt bortover i landskap på omkring 1400 moh. Så kom eg til kanten av Øvre Tverrberget. Der vart det bom stopp. Loddrette stup over alt. Men litt tilbake ca 200 m så kom eg greitt ned eit relativt >>>

Map    

Bermålsnosi og Vetanosi

Date:
06.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
20.4km

Fin tur med Marita på tidleg haust. I dag var vi spent på ver og forhold. Det har regna mykje i det siste, men skulle bli opphald frå kl.13 og sol frå kl. 15 vel så. Sola kom fyrst kl. 18, på tur nedatt i furuskogen. Då vart det ein tur i tåke. Frå 1000 moh. ved Storeskar og inn mot Bermålsnosi var det sikt ca. 40 - 60 meter heile dagen. Men det gikk for så vidt greitt sidan eg har gått turen eit par gonger tidlegare. Det var godt å ha Peakbook-appen som GPS innover, sjølv om ein måtte zoome mykje ut for å sjå kartet. GPS-en hadde eg lagt att i dag, fordi eg forventa at det skulle lette opp når vi kom bortover fjellet. Ikkje så smart, då ein bør ha beredskap. Men to telefonar, og diverse appar er til hjelp. På returen gikk eg oppom Vetanosi for å få ein topp til, medan >>>

Map