Archivo - fecha
Archivo - actividad
-
Ciclismo (3)
- Ciclismo de montaña (2)
- Ciclismo mixto (1)
-
Excurción de esquí (116)
- Esquí de fondo (4)
- Esquí de montaña (38)
- Randonnée/Telemark (73)
- Excursión de invierno, otro tipo (8)
-
Senderismo (446)
- Excurción alpino (20)
- Running (60)
- Senderismo (67)
- Senderismo de montaña (265)
Picos favoritos
Vetanosi frå Fodnes
- Fecha:
- 08.11.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo de montaña
- Distancia:
- 9.9km
Denne turen vart annaleis enn eg forventa. Meldt sol heile dagen. Sky/skodde hang godt i i dag, då eg køyrde heimafrå. Kun ein kort bil-tur på 11 km til Fodnes ferjekai. Fyrst vel 400 meter på gardsveg, før tydeleg og merka sti tek ein oppover i terrenget. Mange høgdemeter i dag. Litt forundra på at sola ikkje var komen då eg passerte Olavskjelda som ligg på 360 moh. Forklaring kom, for ved ca. 450 moh. møtte eg tett skodde. Etter litt dala det ned frosen skodde, som snø. Ved Stegen, eit flot utsiktspunkt, halvvegs i høgdemeter, framleis null utsikt. Heldt fram, og ved stikrysset, valde eg til Vetanosi (rett opp). Det er tydeleg sti, og svært bratt. Kom ut av skogen noko over 900 moh. og framleis inga sol. Fyrst etter gode 1000 moh. kom eg heilt ut av den 600 høgde-meter tjukke >>>
Djuptjernkampen
- Fecha:
- 30.10.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo de montaña
- Distancia:
- 17.4km
Køyrde over Lenningfjell for fyrste gong. God grusveg fram til eit kort asfalt-parti bygd på kjerresti. Parkerte ved rasteplass, og gauv avgarde på grusveg innover. Skilta mot Djuptjernkampen og Liomseter m.m. Etter vel 1 K, inn på sti. Møtte ein triveleg godt vaksen elg-jæger med hund, og vi utveksla nokre ord. Vidare inn, og opp på Solskiva fyrst. Så vidare til dagens hovudmål. Fint å gå, men nokre blaute parti før stigninga. Heilt nydeleg utsikt frå denne toppen !! Etter litt foto og mat, byrja eg på retur. D.v.s. det ulma litt i bakhovudet om ei raud nål til. Som tenkt, så gjort, det burde halde før mørkret. Difor ein del utanom sti til grøne toppar. Bratt ned frå Vestre Rossjøkollane, og bratt opp til Rossjøkollane. Her stod raud nål ved varden, som er 1,4 m under >>>
Jutulen
- Fecha:
- 30.10.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo de montaña
- Distancia:
- 7.0km
Køyrde frå Lærdal kl 7:15 med mål om 2 toppar i Aurdal i dag. Parkerte ved hyttefelt i Kruk-området, og følgde den blautaste sti eg har gått til no. Ser at dei fleste køyre inn til Jutulstølen, med då blir det knapt tur ;) Blei sokke- og sko-skifte etterpå ja. Det var eit idylliske tjern under vegs, og utsikt frå toppen. Morgensola «varma», og det var ein fin oppvarmings-tur til neste seinare i dag.
Skruvdalsstinden og Reinehamaren
- Fecha:
- 16.10.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo de montaña
- Distancia:
- 26.1km
Det vart ein tøffare tur enn tenkt. Eg brukte om lag ein time lenger tid enn planlagt, då eg bomma 4 km på estimert avstand. Og så kom mørknet, og eg måtte guffe på. For lite næring også. Skjeldan av meg, men dette var for dårleg planlagt. Ruta var ca. 5 grusveg og 21 km sti. Turen gikk i nydeleg landskap i terreng med låg bjørkeskog, kollar og myr. Og nokre små toppar. 1 t 10 til Skruvdalstinden. Ned frå denne gikk eg til sist ut av stien, då den ikkje passa med terrenget. Ikkje gjer det. Grubla nede ved Skruvdalsbua, om eg skulle ta med Reinehamaren. Rekna og kasta meg ut i det. Fin tur innover, sett bort frå ei litt for blaut myr. Ved varden på Reinehamaren etter 2:45, og 14,1 km. Dette var litt lenger enn rekna med. Returnerte etter å ha teke nokre bilder. Same ruta tilbake >>>
Skjeltrene
- Fecha:
- 11.10.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo de montaña
- Distancia:
- 6.6km
Ny rute til Skjeltrene i dag. Fyrst opp vest om elva på sti som tidlegare. Valde rett opp i skardet, og ringa litt over ein dalbotn og til toppen. Nedatt valde eg eit anna skard, for å utforske litt med tanke på kommande vinter-rute. Ser greitt ut. Og alltid kjekt med rundtur.
Grindane
- Fecha:
- 27.09.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo de montaña
- Distancia:
- 10.6km
Dag 2 på Peakbook-treff i Vang. I dag vart det fint vèr, varmt med sol og flotte haustfargar. Køyrde frå Veslebu og opp til parkeringa til Grindane. Gikk innover ATV-veg, og så over på sti inn under Belgjinøse. Morten likar å gi oss noko ekstra, og her vart det ein uvanleg veg opp. Bratt og noko klyving innimellom på terasser oppover. Hyllene var innafor også for meg. Berre ein litt bratt grasbakke over ei hylle testa høgde-kjensla. På toppen er det ein varde med noko kvit stein. Ein kort pause her, og så vidare bortetter fjellet til Vest for Grindane. Så ned i skaret, og opp på den vanlege stien til Grindane. Her rasta me på hylla med utsikt ned til Grindetjernet. Usikta her er til å ta pusten frå ein. Kjekt selskap underveges på turen. Noko prat om kva ein måtte ha å >>>
Uranostinden og Slingsbytinden
- Fecha:
- 26.09.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo de montaña
- Distancia:
- 17.9km
Tur med Anne og Morten i Peakbookskiogfjell.no - Det var klart for helg på "Veslebu" i Vang. Avreise frå hytta kl. 7:30 laurdag morgon, og turstart ved Koldedalsvatnet kl. 8:55. Inn på sti i lett yr. Fint tempo inn til brea. Bratt med blåis til å byrje med. Då det flata meir ut, passerte me fleire sprekkar som var fylt med snø/is. Difor måtte Anne som førde taulaget eg var i, sjekke nøye kvar det var trygt å passere. Etter brea, og opp mot skaret, la Morten ut eit tau, då det var hard snø og is. Så gikk me opp ryggen mot egga (mykje hard snø og noko is også her). På dei om lag 25 meter ut egga, var det lagt tau med to mellomforankringa, sidan det var snø og glatt. Gjengen var glad og begreistra, og det vart fellesbilde på toppen. Raskt opphald og retur nedatt til >>>
Dinglenøse og Djupebottegge
- Fecha:
- 06.09.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo de montaña
- Distancia:
- 27.5km
Vermeldinga god nok for andre tur ved Olefjorden i år. Fyrste vart på 34 km, og då var eg ikkje motivert for dei siste 5-6 som skulle til for å ta alle i ein "jafs". Byrja med lette sko innover, slik at det vart lettare å småjogge innimellom. Ein ser at Yksnnøse kjem nærare. Passerar stølen Kvitingane, så hengebrua. Byter til Scarpa Mescalito sko der. Held fram på stien litt til, før eg tok ein snarveg, som fungerte godt. Held fram på DNT-stien mot Tomashelleren til eg dreia mot Dinglenøse ved eit elvefar. Litt bratt opp mot ryggen. Greitt å komme opp. På høgaste pkt. kun ein liten stein. Den store varden er litt lenger inn på fjellryggen. Følgde "ryggen" over, og så kom eg ned til eit lite vatn. Greitt og fint å gå opp til Sørvest for Djupebotten. >>>
Kyrvassnosi
- Fecha:
- 31.08.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo de montaña
- Distancia:
- 12.5km
Køyrde til Øvre Årdal og opp Fardalen. Parkerte ved Murane, og kom av garde kl. 15. Lettskya ver, ikkje strålande slik som meldt. Gikk bort til hyttene, og det går sti bakom dei. Ein kjem over elva ved dammen. Sjølve demninga kjem ein ikkje over. Så lenge dei tek inn alt vatnet i tunnellen, går ein turrskodd over elva nedanfor. No er det fin sti, og etter kvart med varding nesten heilt opp til Gravdalsbandet. Merk at stien deler seg godt inn i dalføret. Frå bandet var det lettgått i steinete terreng mot toppen. I dag var høgaste punkt på fjellet målet. I ettertid angra eg litt på at eg ikkje gikk bort til varden (det var nok kortare enn eg antok der og då). Det blir nok ny tur hit, og då opp til Sørvest-toppen fyrst, og rundt. Dette er i alle høve ein veldig fin ut. Lett >>>
Tre toppar i Årdalsfjell
- Fecha:
- 27.08.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo de montaña
- Distancia:
- 16.8km
Det vart ein fin tur i Årdalsfjelli, om lag frå bommen på fjellvegen mot Turtagrø. Eg var mest spent på om det vart veldig blautt i dag, då det var meldt halvskya med fare for byger. Fyrste varde og grøn topp Lovardalsnosi etter 12 min. Så var det fint og lettgått innover forbi Jervvatnet. Valde høgre side av den bratte ryggen i mot. Lett mot toppen. Flott utsikt mot Jostedalsbreen. Ned frå toppen kom fyrste byga, men den var snill og vara i ca. 10 min. Litt sleipe steinar, og eg valde og gå meir ned i dalen før oppstigninga mot Grønvassnosi. Såg at denne ryggen hadde skarpe skrentar i byrjinga. Gikk mot vatnet, og fann ei grei skår opp på fyrste platå, og runda så meir mot aust. No kom det i mot meg eit stort reinsdyr. Den stoppa opp litt, før den trekte ca. 100 m tilbake >>>
