Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Krekahøgdi

Date:
10.03.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
13.5km

Fint vèr og dag for skitur med topp som mål. Starta frå parkeringa under Torolmen, og gikk innover blandt hyttene og i retning Sletterustdalen. Måtte litt aust ved oppstigninga, til ei hylleformasjon, så på skrå nordvest. Det flata etterkvart noko av innover Sletterustdalen. Dalen var noko meir kuppert enn forenta, så fjellski er meir passande på denne turen. Men godt å ha faste plankar i nokon av kneikane på turen nedatt. Vi fann ei fin oppstigning nordaust på fjellet, gikk like til venstre for topp 1325, der vi rasta bak ein stein. Etter litt mat, over skaret, opp ei lita bratte, og til høgre for topp 1416. Så var det å gå fjellet jamt og rett fram mot toppen. Også her oppe var det mange haugar, og småtoppar, men lett terreng. Det brattaste var ved skaret etter 1325 toppen. >>>

Map