Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Årdalsåsen

Date:
29.06.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
15.5km

Liten topptur under ferieopphold i Porsgrunn. Med anmarsj gjennom byen blei turen faktisk 15,5 km, og nesten tre timar.

Map    

Porsgrunn

Date:
26.06.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
11.1km

Litt gå og jogging rundt om, i eit område av Porsgrunn. Er på feriebesøk hjå sønnen til Marita. Må innom dei raude og grøne nålene, når ein fyrst er i farta.

Map    

Dueskardsvarden og Lingesetfjellet

Date:
19.06.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.9km

Sykkel, og fottur frå flyplassen i Sogndal. Sykkel på fin grusveg og relativt snill stigning fyrste knapt 2,5 km. Frå veg-kryss mot masta, og utover fjellet, var vegen mindre jamn, og meir kuppert. Sveitta godt oppover. Siste kneikane mellom 700 og 800 moh. var det nokre svært bratte bakkar. Gikk av sykkelen to gonger. Sette att sykkelen knapt ein halv km før stistart til Dueskarsdshøgdi. Dette med tanke på at eg også skulle til toppen Lingesetfjellet, og komme nedatt ein annan stad. Fin sti i lett terreng bort til Dueskadsvarden. Utsikta her var formidabel. Ein måtte gå litt rundt på platået for å få med seg alt. Flott mot Bleia, til Fresvik med enorme botnar og dalar. Ut Sognefjorden mot Balestrand. Grønt og frodig i Øvstedalen, opp frå Fardal. Mot Storehaugen og masta, og >>>

Map    

Klantenovi 6

Date:
18.06.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.0km

Då var juni-turen til Klantenovi fullført. Lett og rask topptur dette. Med kulturvandring som bonus.

Map    

Vetanosi rett opp

Date:
14.06.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.4km

Kveldstur til Vetanosi. God trim, 1130 meter opp. Parti med kraftig stigning innimellom, spesielt nokre kneikar i øvre del. Fin sti i barskog og på sva i nedre del. Heilt fantastisk utsikt på denne turen. Når ein går nedatt kan ein sjå 4 fjordar samstundes. Ja det er ein fjord da. Sognefjorden. Men i tillegg til hovudfjorden, ser ein samstundes Lærdalsfjorden, Årdalsfjorden og Lusterfjorden. Oppå fjellet er det fin utsikt rundtom, og spesielt mot vakre Bleia. Bra tempo i dag. 1:28 frå stistart ved fjøsen til toppunktet, og 48 min på retur.

Map    

Veten og Haugsteinfjell

Date:
05.06.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.5km

Fantastisk tur til dagsturhytta frå Grotlesanden i Bremanger. Bratt, men flott sti opp fjellsida. Nådde fyrst eit lite platå på ca. 300 moh. Derifrå gikk ein dal opp mot høgre. Vi heldt rett fram, og opp ei kneik til. Då var vi oppe på eit platå, om lag 5 x 3 km. Landskapet var steppe-liknande. Mest gras, og runde former i terrenget. Annleis enn det meste eg har sett ute ved kysten. Det pleier å vere lyng, mose, stein. Etter å ha gått vidare i det flotte landskapet, nådde vi Vetehytta. Det stod ein enorm firkanta varde rett ved hytta. Har den vore nytta som vete-punkt ? Vi gikk oppom høgaste punktet på fjellet. Registrerte Veten som topp, som gav 66 meter primærfaktor. Etter ein pause gikk vi over heile det flotte steppe-landskapet til fjelltoppen Haugsteinfjell. Ein skikkeleg >>>

Map    

Hatlesetnipa

Date:
04.06.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.6km

Målet var Fløgjen, og dagsturhytte nr. 2 i dag. Og elles nr. 23/26 i Sogn og Fjordane. Besøk til dagstur-hytter, er ei fin måte å bli kjend i Sogn og Fjordane. Samstundes får ein rekognosert og plukka nokre toppar. Denne gongen på sti til Fløgjen, og vidare til nærast raude topp, Hatlesetnipa. Her kan ein også gå over fjellet frå austsida. Vi var heldig ved at det var sikt frå toppen. Det var tåke der då vi kom opp til dagsturhytta. Vi var heldige som ikkje fekk regn. Fin utsikt, men for lite klårt til å få sikt i fullt panorama. Fint med grøne marker inntil Norddalsfjorden.

Map    

Steinkrossen

Date:
04.06.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:17h
Distance:
5.9km

Finfin tur i Naustdal frå garden Kringla. Bratt opp frå fint gardstun. Sti lagt i utkant, med eit kort steinsett parti. Etter en halvtime kom vi til Kringlestølen. Fint her, og terrenget flata ut. Videre på god sti i fint landskap, kort opp til Mallasvikstølen. Veldig fint haldne bygningar på stølane. Etter eit stidele, passerte vi eit idyllisk vatn, Kringlevatnet. Vidare oppover, og etter vel ein time var vi ved Dagsturhytta. Vi tykte begge at det var så fint terreng å gå tur i. Nokre lettere parti innimellom. Veldig fin og variert natur. Storslått mot Blæggja på returen, då skylaget hadde slept fjellet. Storehesten derimot, såg vi ikke i dag. Eg svippa oppom varden Steinkrossen, ein topp med grøn nål. Sol innimellom på fyrste turen i dag. NB, spor kun ned, men korrigert >>>

Map