Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Okken

Date:
30.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.3km

Flott tur med Lærdal turlag i dag. I alt 20 personar fekk ein nydeleg tur til Okken sin nordtopp, 1679. Her får ein den flottast utsikta. Men det er sørtoppen som er høgast med sine 1686. Fire i turfylgjet, fekk med seg høgste toppen på Okken på returen. Sjå gps-spor. Bilde nedafor viser høgast punktet på Okken, 1686, som ikkje har varde.

Map    

Vesla Grånosi (Hausafjellet)

Date:
29.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.2km

Lærdalstopp i verdsarvområdet dag. Frå Vindedalen, på traktorveg innover på høgre side av elva. Ved ca 240 moh. går det merka sti opp til Hovudunga, eller Vindedalstølen, som den også er kjendt som. Så var det å skrå oppover i terrenget. Valde å gå på nordsida (høgre) sida av fjellet, og opp i skaret melom dei to toppane. Det gikk fint. Toppunktet på vestsida er 1347 moh. men har ikkje varde. Det austlege toppunktet som er 1307 meter har varde. Der sat det ein flott storfugl, som viste seg å vere ein Falk. Du ser den på hovudbiletet. Frå Vetle Grånosi kjem ein tett på det maiestetiske Bleia-massivet. Frå denne sida ser ein Lemeggi, som når nesten opp i 1700 meters høgde frå fjorden. Sognefjorden, er også på de djupast her, med vel 1300. På Lemeggi hadde Arne Ness >>>

Map    

Nordnosi i Lærdal

Date:
10.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
19.1km

Flott rundtur til begge punkta på Nordnosi frå Ofta via Visete. Tur saman med eldste son Joakim.

Map    

Vesle Jukleeggi

Date:
08.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:15h
Distance:
20.6km

Fin tur til Vesle Jukleeggi med Lærdal turlag. Sykla dei vel 6 km inn til dammen ved Store Juklevatn. Passerte vatnet nedanfor dammen, der det var ein grusveg. Ikkje full damhøgde i dag. På turen fekk vi ei utruleg flott utsikt, særleg mot aust, då det låg att ein del tåke over Store Jukleeggi og Høgeloft på andre sida av vatnet. Då vi gikk opp, såg vi eit stort skar, med nesten lodrette fjellveggar. Nedi skaret var det ein pinakkel som minna om Trolltunga. Gjerne litt meir potent, men vanskeleg å komme til :) Fin-fin tur i for det meste skya vèr. Peakbook-appen svikta igjen. Slo ikkje inn på punktet, sjølv om den hadde laga ruta på kartet heilt fram. Merkeleg. Kanskje telefonen min som er litt overfull. Dette vart likevel ein liten parantens, då det var ein kjekke tur, med trim, >>>

Map    

Hånosi og Hestehovden i Oftedalen

Date:
06.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
19.7km

Nytta ein fin feriedag til ein fjelltur med rute som tok med to Lærdalstoppar på pm 100. Gikk frå sjukehuset i Lærdal til Oftedalen. Vidare opp til Øksenvatnet, Småvotni, og runda opp på Hånosi frå austsida. Nokre snøbruer, men greie å skrå over, før bratt opp på platået. Då var det å dreie litt i norleg retning, og eg nådde varden etter ca 5 min. Varden var rund, stor og staseleg, men det hadde rasa ut litt på sørsida. Så var det å gå over Hånos-fjellet til Helle-skaret, og opp på Hestehovden, ein litt lågare topp på hi sida av Oftedalen. Nedatt derifrå var det vakker natur med frodige beiteområde i 1000 - 1400 høgdemeter. Mange sauer med lam storkosa seg her oppe. Herifrå var vakre Lærdalsøyri med fjorden, frodig og flott i fugleperspektiv :) Så var det >>>

Map    

Skjerdingen

Date:
03.07.2017
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
8.6km

Topptur til Skjerdingen. Besøk på ei av dei sju søstrene for fyrste gong. Vakker natur, men utsikta frå toppen var tett tåke. Fin tur opp eit sva-eldorado. Vurderte tvillingane og, men prioriterte rask retur grunna plan om lang bilkjøyring. Angra etterpå, då vi forstod at det ikkje var så lang avstikkar opp. Appen svikta da.

Map    

Tjeldbergtinden

Date:
01.07.2017
Distance:
4.0km

Fin og lett tur til fine utsiktspunkt over Svolvær, og kvasse Lofotfjell med botnar og bre.

Map