Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Stora Grånosi og Bleia i Lærdal

Date:
24.04.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
21.2km

Flotte vermelding med skyfri himmel var det meldt. Slik såg det også ut frå morgon av. Slik blei det ikkje, men ein fin tur fekk vi likevel. Marita ville vere med til Bleia. Hennar fyrste tur dit, og den freista m.a. grunna SjekkUt og topptur-trimmen til Lærdal turlag. Vi valde å gå frå litt nedanfor Vardahaug, for å få fin køyring på returen. Og det fekk vi. Ruta opp la vi litt under Store Grånosi. Den vart såpass høgt at jammen blei det topptur dit også. Så vart det fint unnarenn heilt ned til Bleiaskardvatnet, 1252. Der vart det mat, og nett då var vêret på det finaste for dagen, med strålande sol og varme. Her kosa vi oss godt før toppstøtet. Oppover vart det etter kvart tettare ver, og snøbyger. Men idyllisk det, sjølv om sikta var så som så. Siste halve km mot >>>

Map    

Nisedalsfjellet og Jernhetta rundt

Date:
17.04.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
21.7km

Deler av turen var med Lærdal turlag. Heile 28 folk på fjellski-tur rundt Jernhetta i Aurland kommune. Turen starta ved Vardahaug bru opp Erdal i Lærdal kommune. Dagen var skyfri, og føret viste seks på terningen. Nokre få minus ved start. Betre får ein det ikkje. Turfolka var frå Lærdal og Aurland, samt nokre frå Sogndal kommune. Særs kjekt når vi er folk frå fleire kommunar. Alle storkosa seg innover Modlaugsbotn, og opp Soleibakkane på silkeføre. Berre smil å sjå. Etter vel halvanna time gonge og nokre småpausar vart det matrast med utsikt til Flåm og baksida av Blåskavlen, med dens dramatiske botnar og ryggar. Fantastisk !!! Nokre valde å gå opp på toppunktets Jernhetta. Då ser ein omlag heile rundturen. Eg hadde fått løyve hjå turleiar å gå solo til Nisedalsfjellet. >>>

Map     2 comments

Slettind

Date:
15.04.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.3km

Fin ettermiddagstur med Joakim. Kun oss, og eit par på veg opp då vi køyrde nedatt. I helgane er her ofte fullt på parkeringsplassen. Typisk Rando-topp.

Map    

Berdalseken

Date:
11.04.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
16.2km

Fin tur frå Sluten til Berdalseken med Joakim. Nydeleg fin dag, etter påfyll med ny om enn ganske vindtransportert snø. Nede i lia, opp frå Sluten, var det godt med djup nysnø. Heldige vi då, sidan ein skiløpar hadde godt oppover før oss, og laga fine spor. Innover Vetle Frostdalen var det mest skare. Greitt å gå på det. I oppstigninga til høgre inne i dalen, vart det på nytt lausare, og fin snø å gå i. Vi rasta ved nokre steinar, der vi pleier, knapt halvvegs. Etter litt kom karen som laga spor for oss nedatt. Han var frå Dombås, tydeleg fjellvand, busett i Bergen, og nybuar i hytte oppi Gudbrandslie på Filefjell. Han hadde snudd litt før brea, sidan han var aleine. Såg på det som rekognoseringstur til seinare. Joakim og eg fekk ein fin tur vidare til topps. Joakim sleit >>>

Map    

Bleia i Lærdal

Date:
03.04.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
25.4km

Det var meldt fint ver, med ca. 7 ms på toppen, og valet fall på tur til Bleia i dag. Start frå Vardahaug parkering i Erdal. Berdalseken var opprinneleg plan saman med Sigmund i dag. Den turen rauk ut grunna meldt vind på 10 - 12 ms. Det viste seg at valet var greitt, men vi skulle få nokre utfordringar undervegs. Fint innover Modlaugsbotn, og sola gjorde seg meir gjeldande etter ein god time. Særleg fint over Daudmannsvatnet. Vi såg tre turfolk på fjellski som passerte litt under oss før vatnet. Dei hadde god fart, og hadde valt rute litt lenger aust. Vi la merke til at det låg ein del skodde oppi, men rekna med at den ville sleppe taket, sidan det var litt vindfuldt. I pausen ved store stein, såg vi at det også var spor nedatt mot Vindedalen. I det vi sat og åt, såg vi at det >>>

Map    

Skøddetindar

Date:
01.04.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
31.7km

Skøddetindar i dag. Fantastisk fint fjellområde å gå skitur i. Litt tøffe forhold med bra trøkk i vinden i dag. Føret var og litt vanskeleg. Hard skare og fokksnø. Greitt i løypeområde. Då vi skulle på Tverrfjellet Vest gjorde eg ein bommert. Vi trudde neste topp var toppen, og snudde då det var hard is i traseen på skrå mot Tverrfjellet. Men vi skulle da på Tverrfjellet Vest, nærare oss. Kunne berre gå få 100 meter tilbake, og lett opp ca. 140 høgdemeter. Blei lurt av at kartet i appen falt ut ved zoom, og at teksten var plasser langt mot aust. Ja-ja, blir ny tur eit anna år da. Då bar det tilbake, og U-sving oppover til Skøddetindane. Flott utsikt, særleg frå Vestre. Fint å sigle ned frå toppen i DNT-løypa som i motsatt veg går mot Kjåen i Hemsedal. Kjekt turfølge >>>

Map