Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Einar på Einar-toppar, litt Nils og Grånos

Date:
30.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:05h
Distance:
23.5km

Fin tur i Lærdalsfjella. Køyrde anleggsvegen inn Råsdalen, og opp Øydalen. Det er store avstandar i fjellet her, så anleggsvegen er til stor hjelp for friluftsfolk. Krev betaling i form av kjøp av fiskekort hjå fjellstyret. Bom i Øydalen. Gikk inn ved Finnabuvatnet, og vidare opp mot Fleskevotni. Det blei litt av og på sti/trakk, sidan eg aldri har gått i dette terrenget før. Skrådde opp mot Grånosi før eg kom til Øvre Fleskevatn. Gikk ganske rett på. Toppa etter 2:05. Litt kjappere enn venta. Åt eit par skiver, og heldt fram mot Borgundseinaren. Ca 45 min. dit. Nydelege vatn her oppe, svært klåre med djup blåfarge. Tok med ein liten topp til med varde på, men den var ikkje namnsett. Har sett namnet Borgundseinaren sør på den, og registrert i Peakbook.org som 70 pmf. >>>

Map     3 comments

Slettmarkhøene

Date:
25.07.2021
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
10:19h
Distance:
20.2km

Etter førre tur, så ei natt i telt ved Hellertjønne, og ein halv dag i sola der oppe, returnerte vi til Gjendebu. Der venta nydeleg middag og ei natts søvn. I dag tur inn Veslådalen. Etter ca. 3,5 km kryssa vi elva over brua på stien til Fondsbu. Forlot stien, og gikk rett opp på trakk til høgre for elva som kjem ned frå Slettmarkbrea. Opp denne kneika og innover. Nydeleg fint ved flatene under elva vi kryssa under breen. Så bar det på skrå opp den gras-kledde sida. Utsikta tilbake mot Veslådalen medan vi gikk oppover her var fantastisk. Grønt, åpent, og med flotte fjell å sjå. Etter kvart over i stein og sva-landskap. Greitt å finne rute opp. Vi valde å gå til venstre for snøfeltet. Noko kronglete og laus ur var det. Opp like under N1. Vi gikk så nord til N2, og her fekk >>>

Map    

Midtre og store Rauddalseggje

Date:
23.07.2021
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
12:30h
Distance:
28.5km

Fantastisk opplevelse. Gikk frå Gjendebu kl 9:30 med for oss tunge sekkar. Opp vakre Storådalen, og sette opp teltet ved Hellertjønne. Gps-sporet viste 14,4 km og 9:30 timar brutto t/r til Midtre og Store Rauddaldeggje frå teltet ved Hellertjørnet. Vi tok oss tid til å ta bilder og til nokre småpausar. Tidsbruk og høgdemeter er i oversikta oppdatert med ruta frå Gjendebu der vi starta. Straks vidare mot Midtre Raudalseggje. Fint innover etter å ha vassa elva, og blitt skikkeleg skoblaut. Men kva gjer det i varmt sommarver. Seingått ved Skardalsvatnet, med morener og litt laust frå fjellfoten. Vi holdt ruta tett inntil brea, då det var eit råd eg meg hadde lese. Etterpå såg vi at innteikna "Helgesen-rute" gikk litt meir på skrå mot Store, for så å dreie tilbake. >>>

Map    

Kråkebergnosi

Date:
03.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.8km

I samlinga på dei 66 Lærdalstoppane over 100m pmf. stod det att ein på Nordsida av dalføre. Den har stått lenge. I dag vart det topping med Stølstrim-post på Fosse i Kvamsdalen som bonus. Gikk frå austsida av elva ved nedre Kvamme. Fin rydding av sti, som er godt tilgrodde med vill-bringebær og brennesle for tida. Beheld likevel zippet på heilt til eg kom over tregrensa. Var heitt i dag. Viste 28 då eg køyrde nedatt dalen. Er kanskje den heiteste stølstrimmen eg har gått. Flugene følgde godt på. Heilt svart rundt meg. Men eg hadde spraya meg, og dei surra mest rundt hovudet. Plaga meg mindre enn heten. Den var ekstrem i dag. Men når eg kom opp i 1100 - 1200 meter, og med litt vind, så var det heil supert. Fann trakk frå stølen Fosse, og følgde dei til over 1350, der berg, >>>

Map