Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Molden

Date:
12.10.2026
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
8.3km

Førmiddagstur til Molden. Hadde venta litt meir sol, men den kom då eg var nede att i bilen. Hadde ærend i ettermiddag, så det måtte bli slik. Litt for dimt til å få fine bilder, men denne turen er flott i alle fall.

Map    

Skjeltrene

Date:
11.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.6km

Ny rute til Skjeltrene i dag. Fyrst opp vest om elva på sti som tidlegare. Valde rett opp i skardet, og ringa litt over ein dalbotn og til toppen. Nedatt valde eg eit anna skard, for å utforske litt med tanke på kommande vinter-rute. Ser greitt ut. Og alltid kjekt med rundtur.

Map    

Klantenovi 17/26

Date:
09.10.2026
Characteristic:
Hike
Distance:
4.1km

Fin tur i sola med Sander.

Map    

Amleholten 8/26

Date:
05.10.2026
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.2km

Lange runden og til toppen frå vest. Tok ruta som går til høgre noko nedanfor skaret. Litt lengre og mindre bratt. Valde tidslomma mellom kl. 15 og 18 då det skulle vere opphald. Det stemde.

Map    

Klantenovi 16/26

Date:
29.09.2026
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.2km

Kjapp topptur i fint vêr.

Map    

Grindane

Date:
27.09.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.6km

Dag 2 på Peakbook-treff i Vang. I dag vart det fint vèr, varmt med sol og flotte haustfargar. Køyrde frå Veslebu og opp til parkeringa til Grindane. Gikk innover ATV-veg, og så over på sti inn under Belgjinøse. Morten likar å gi oss noko ekstra, og her vart det ein uvanleg veg opp. Bratt og noko klyving innimellom på terasser oppover. Hyllene var innafor også for meg. Berre ein litt bratt grasbakke over ei hylle testa høgde-kjensla. På toppen er det ein varde med noko kvit stein. Ein kort pause her, og så vidare bortetter fjellet til Vest for Grindane. Så ned i skaret, og opp på den vanlege stien til Grindane. Her rasta me på hylla med utsikt ned til Grindetjernet. Usikta her er til å ta pusten frå ein. Kjekt selskap underveges på turen. Noko prat om kva ein måtte ha å >>>

Map    

Uranostinden og Slingsbytinden

Date:
26.09.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
17.9km

Tur med Anne og Morten i Peakbookskiogfjell.no - Det var klart for helg på "Veslebu" i Vang. Avreise frå hytta kl. 7:30 laurdag morgon, og turstart ved Koldedalsvatnet kl. 8:55. Inn på sti i lett yr. Fint tempo inn til brea. Bratt med blåis til å byrje med. Då det flata meir ut, passerte me fleire sprekkar som var fylt med snø/is. Difor måtte Anne som førde taulaget eg var i, sjekke nøye kvar det var trygt å passere. Etter brea, og opp mot skaret, la Morten ut eit tau, då det var hard snø og is. Så gikk me opp ryggen mot egga (mykje hard snø og noko is også her). På dei om lag 25 meter ut egga, var det lagt tau med to mellomforankringa, sidan det var snø og glatt. Gjengen var glad og begreistra, og det vart fellesbilde på toppen. Raskt opphald og retur nedatt til >>>

Map    

Amlaholten 7/26

Date:
20.09.2026
Distance:
4.9km

Fin tur i mellom regnbygene. Sander var med.

Map    

Klantenovi 15/26

Date:
17.09.2026
Distance:
4.4km

Testar etter skade i kne. Går med forsiktigheit.

Map    

Tindefjellet frå Svidalsneset

Date:
10.09.2026
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
10.6km

Sidan Marita skulle til kontrolltime på sjukehuset i Førde, og eg var lysten på ein fjelltopp, så reiste vi med bubilen dagen før. Overnatta på Svidalsneset rasteplass. Og ja, det er lov å sove i bubil der, sjølv om det står skilt med teksten camping forbudt. Gikk kl. 9:20 etter ei god natts søvn. Valde å gå heilt frå rasteplassen. Etter 1,5 km var eg ved ein asfaltert parkeringsplass, berekna for tur-utflukt. Følgde kanten av marka opp, etter spor frå Ut-appen. Følg heller elvekanten, som eg gjorde nedatt. Godt over skoggrensa tok eg att ein svært hyggjeleg bonde. Han hadde hund med seg, og skulle sjå etter sau. Eg lova å gi besekjed viss eg såg noko oppi, og vi utveksla mobil-nummer. Eg heldt fram, og kjende på litt press, fordi eg måtte vere nede att i bilen helst til >>>

Map