Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Vetanosi

Date:
28.04.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.9km

Denne turen kombinerer utsikt, skikkeleg bratt ein stubbe, og formidabel utsikt undervegs. Start ved Fodnes ferjekai, og slutt ved Hedler bru eller Stødno i Lærdal. Frå Fodnes er det fin sti i furuskog. Trimpost ved St. Olavskjelda ca. 380 moh. Nydeleg utsikt frå Stegen ca. 550 moh. Så ber det vidare opp, og frå der stien dreiar mot Fagerset, held ein fram bratt og rett opp på hjortetrakk, til det flatar ut. Så finn ein sti vidare opp, til det flatar ut ved ca. 1100 moh. Under vegs i dette bratte terrenget, får ein ei nydeleg utsikt når ein kjem over tregrensa. Sognefjorden, Lusterfjorden, og nydelege fjell i alle retningar. Det går sti i jamnt terreng bort mot varden. Men eg dreia litt mot nord, og følgde terrenget mellom haugar, og i retning toppen av fjellet. Vetanosi "sin >>>

Map    

Blåskavlen

Date:
19.04.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
26.0km

Parkerte ved Vardahaug P-plass, og gikk inn Modlaugsbotn. Opp Soleibakkane, og justerte kursen litt aust for Helleberget. Ringa så under toppane Fagerdalsnutane, så rasjonelt som råd. Noko nedatt i skar ca. 1580. Opp denne sida er ruta på det brattaste, og det var hard skare. Måtte setje stålkantane godt i, men greitt. Frå rundt 1700 pluss/minus over småkupperte nutar var det mykje "bølgjeblekk". Så litt ned i skaret ved overgang bre/botn, og fint opp mot toppen. Utsikta på Blåskavlen denne dagen var til å ta pusten i frå ein. Vi tok inn inntrykka og naut, men kunne ha teke fleire bilde for minneboka sin del. Det kom opp eit følgje frå Aurlandssida, som har ein noko kortare tur, og jamnare nedkøyring. Vi valde å køyre heile brea nedatt, for den opplevinga sin del. >>>

Map     2 comments

Jernhetta

Date:
18.04.2019
Characteristic:
Ski trip
Distance:
15.7km

Skitur inn Modlaugsbotn og opp Soleibakkane. Under kraftlina, og inn mot skaret mellom Jernhetta og Helleberget. Ut på sør-ryggen av Jernhetta, er det nydeleg utsikt inn fjorden mot Flåm. Her er det vanleg at ein set seg ned med niste og nyt fjordutsikta. I tillegg er utsikta opp mot mektige Blåskavlen, med botnar og ryggar, formidabel herifrå. Etter ein liten stopp gikk vi ryggen opp på toppen mot Jernhetta. Trass av at eg har gått i terrenget her mange gonger, blei det i dag min fyrste tur heilt opp på toppunktet på Jernhetta. Det kan tilrådast. Viss ein vaktar seg for skavlane, og tek ned på rett stad, får ein ei ekstra fin og litt brattare nedkøyring her. Den egnar seg kanskje best for randonèe, eller ein god telemarkskøyrar. Men sjekk skavlane på veg opp, slik at du veit >>>

Map    

Klantenovi

Date:
15.04.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
1:03h
Distance:
3.9km

Rundtur frå Borgund kyrkje. Testa app frå topp og ned. Fungera berre når den er håndholdt. Akutt rygg, og til det tilpassa tur.

Map    

Sluten-Oftedalen (Skvettebottshøgdene)

Date:
06.04.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
11:19h
Distance:
38.0km

Langtur 38 km frå Filefjell til Lærdalsøyri med Lærdal turlag. Dette er ein tradisjonstur som har vore gått sidan 60-talet (om ikkje alle år). Det er ein fantastisk flott skitur i urørt natur. Den tøffe delen er å gå på føtene dei sist 840 høgdemeterane frå Øvre Oftedalsstølen og ned til sjukehuset. Normalt greit, men ein kjenner det etter 9 t 15 min på ski fyrst. Bruttotida vart 11:20 timar denne gongen. Lite snø, men greitt skiføre (universalklister eller kortfeller). Peakbokappen svikta, og difor ingen spor.

Map