Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Sognefjellet med Gravdalstinden og fleire Smørstabbar

Date:
31.05.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
23.5km

Denne turen har vore planlagt i lengre tid. To gonger har Lærdal turlag vore på Gravdalstinden utan at det har passa for meg. Den finaste dagen kom. Ikkje ei sky på himmelen, og med varmt vèr. Vi gikk frå Sognefjellshytta, inn mot Falkeberget, og opp stigninga derifrå. Fin bratt og trygg bakke opp til Smørstabbreen. Ei anna værd openbara seg, med bre og flotte fjelltoppar. Javist, har vore i område før, men ikkje på Smørstabbreen. Bestemte at når det var så fint, så skulle vi ta med dei toppane som var i området. Og slik blei det. Fyrst oppom Søre Smørstabbtind, ved å halde høgt i skrå-feltet mellom dei to skara. Godt spor. Så skli på feller nedatt, og ta fatt på bakken opp til Gravdalstinden. Tinden ser diger, svart, kvit og majestetisk ut. Men merkeleg kjapt er ein >>>

Map    

Modlaugsbotn og Grånosi (Aurland)

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
17.6km

Besøk av sonen frå Bergen, ei helg eg og kjærasten hadde planlagt Sognefjellet. Den turen vart dagen etter. Vi heldt att ein dag, og Joakim og eg fekk oss ein fin skitur lokalt i vakkert terreng frå Vardahaug bru. I dag var naturen, det vakre veret, og formidable utsikta som er her, det viktigaste. Som oftast. Fyrst skituren innover dalen og oppover fjella, og så det fantastiske fjordlandskapet vestover, som ein får betalt for når ein når toppen. Skikøyringa nedatt var skrøpeleg med mykje sug, og dårleg gli. Så det vart ein del gange med laus hel på rando-skia nedatt Modlaugsbotn. Fin-fin tur i alle fall. Fly-stripe gps-spor denne gongen, noko som skuldast at telefonen stod på straumsparing.

Map    

Kongeveg med topp

Date:
24.05.2020
Distance:
4.2km

Fin roleg tur i heimkommunen. Ved å gå Sverrestien til postkassa, og så stien over Klantenovi mot Vindhellavegen, får ein med ein 100 pm. topp med ein avstikkar på berre 200. Billig moro. I dette område er det fleire mogelegheiter til fine joggeruter, m.a. Annastien, Sverrestien, Klantenovi, Vindhellavegen. Vår rute avslutta vi ned dei fantastiske Vindhellasvingane. Flottare tur og vegkultur må ein reise langt for å finne.

Map    

To frå Torolmen - Fjellskitur i Årdal.

Date:
23.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
14.2km

Ei helg med dårlege vermeldingar i alle retningar. Valde likevel å prøve meg på ein tur laurdag, då det var meldt halvskya, med ein del vind. Det vart fjellskia, sidan dei har vore lite brukt i det siste. Plan var to Vang-toppar, med utgangspunkt frå Torolmen i Årdal. Desse greidde eg, under varierande forhold. Bra futt i vinden fyrste to timane, men stillare i nokre parti. Litt gjennomslag opp til Svartenippa frå aust, og betydeleg nedatt vestssida. Der var plan å gå nedatt ein flanke skrått søraust. Eg slapp meg for langt ned, og fekk eit kvarter lengre tur. Så var det å sikte rett på Sletningsegga, og flanken rett opp. Det gikk greitt, med relativt få gjennomslag. Les ein terrenget og held seg unna steinar, og vurder fargen på snøfelta, så går det så godt som det kan. >>>

Map    

Skitur i Verdsarvområde i Aurland og Lærdal

Date:
21.05.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
28.4km

Endeleg. Lenge planlagt tur til to Lærdalstoppar som ligg utanfor allfarveg. Har venta på vêret lenge. Skya, og ikkje optimalt i dag heller, men god nok sikt og meldingar. Det vart eit eventyr av naturopplevingar. Umogeleg å formidle med bilde. Litt flatt lys i dag. Utsikta mot fjordlandskapet, og Frønningan tek nesten pusten frå ein. Kontrastane, proposisjonar, variasjon og avstand. Bleia og Storebotn er landskapsvernområde, og av ei årsak. Dette er ein tur eg vil tilrå som fjellskitur for turlaga. Eg hadde ruteval, teikna inn på førehand, med alternativ. Valde som hovudprioritert. Eitt av alternativa var retur over Grånosa (Aurland). Hadde då fått meir skikøyring nedover. Ville vurdere på retur grunna store snømengder i år. Avgjorde at retur opp skaret mot Grånosi vart >>>

Map    

Vaset - Grønsennknippa

Date:
10.05.2020
Distance:
9.6km

Helgetur til Vaset. Det blei ski i både langrennsløper, og topptur med Randonee. Søndag køyrde vi Panoramavegen til Reinsenn. Byrja å gå fyrst halv seks om ettermiddag, sidan vêret var meldt bra utpå. Det funka flott. Ein litt skarp motvind innover hindra oss ikkje. Skare med berre litt transportert snøføyk frå natta før, gjorde sikta grei. Heilt skyfritt, og sol i mot heile vegen oppover. Kjempefin enkel tur. Det blæs skarpt på toppen. Men med Marita sin vindsekk for 2, gikk klargjøring for retur knirkefritt. Moro køyring nedatt. Fin tur i eitt for oss nytt område.

Map    

Leirdalen

Date:
04.05.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.5km

Dagens turmål var Grøndalseggi. Då vi nærma oss haugen Gråmerri (1164 og ukjend p.f.), kom det plutseleg ei lita byge, og det vart lett snø og lite sikt. Det såg også ut som om det kom fleire byger i dalføra rundt om. Sidan vi ikkje hadde gått her tidlegare, og køyreføret også var svært dårleg, valde vi å returnere. Dei som har vore i Leirdalen nokre dagar før, har nok kosa seg masse. Heile dalføret var fullt av flotte svingspor. Dei var heller ikkje mykje til hjelp nedatt, sidan spora var frosne. Vi tok det med ro på returen. Enkelte svingar kunne ein legge inn, då hels øvst og nedst i trasèen. God trim, og 85 % sol fekk vi også på turen. Men det vart topp-miss denne gongen. Når vi var godt på veg nedatt, letta det att, og mest blå himmel i alle retningar. Slik >>>

Map    

Store Grånosi i lite sikt.

Date:
01.05.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.2km

Ved denne turen var nok mosjon det viktigaste. Og kjekt å vere på tur med eldste son. Lett snøver i dag, og tåkefullt innimellom. Sidan det var nokre større steinar i terrenget, gikk det greitt å orientere oppover. Når vi kom til foten av fjellet, var sikta litt betre. Køyringa nedatt vart vanskeleg frå toppområde, sidan sikta då var svak. Det vart og vanskeleg å orientere seg i overgang til rett dalføre nedatt. Måtte difor sjå på app, og justere. Etter kvart vart det betre køyreforhold, der vi nytta oppover-sporet vårt som referansespor. Siste køyringa mot skogen var fin. God trim, og litt spennande å køyre under slike forhold.

Map