Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Langeskavltinden

Date:
29.07.2018
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
21.5km

Nydeleg fjelltur saman med eldste sonen i dag. Vi byrja å gå nokre hundre meter forbi Tyinholmen. Følgde ruta mot Skogadalssbøen. Då vi tok av litt før stidelet Fondsbu/Tyinholmen, skar vi litt til høgre, og fann ei fin rute mot Rusteggi. Opp mot egga var det både på lag sti og noko varda. Eg var spent på denne toppen, då fleire har omtala turen som litt kjedelig. Dette grunna mykje steinørken, og lang anmarsj der mykje av ruta ligg over 1700 moh. Rett nok var det mykje stein, og litt kronglete terreng oppå Langeskavlen. Men for meg var alle inntrykka undervegs svært vakre. Slik at denne turen får terningkast 5 av meg. Særleg var toppane omkring svært fine på turen mot toppen. Hurrungane vart råma inn av andre vakre toppar. Så får ein jo breane så tett på seg på denne >>>

Map    

Gaustadtoppen

Date:
27.07.2018
Distance:
10.7km

Turistfelletur i dag:) Vi gikk ut på egga og til toppunktet. Eg vil tru at 90 % vel platået ved masta som sin topp. Den er 89 meter lægre. I dag var det heilt klårt og varmt sommarver. Nede att på Rjukan var det 31 varmegrader. Så rett dag for topptur :)

Map    

Nesatindane

Date:
26.07.2018
Characteristic:
Hike
Distance:
10.2km

Tur til Kjerag ved Nestindane og Kjeragbolten.

Map    

Slettmarkkampen

Date:
22.07.2018
Characteristic:
Hike
Distance:
24.6km

Fin tur i varmt sommarvèr til Slettmarkkampen med Marita i dag. Ruta frå Eidsbugarden langs Bygdin er utruleg vakker, med nydeleg blomsterprakt. På tur ein har planlagt langt og høgt, så kan det opplevast som litt kjedeleg transport-etappe. Særleg på returen. Fint var det i alle fall. Vi følgde ruta mot Gjendebu, og tok så av ruta inn Uksedalen, som er merka mot Torfinnsbu. Så var det å passere elva, og sikte seg inn på skaret der elvane kjem ned i retning nordaust. Opp her er det temmeleg brattlendt, særleg frå 1600 m.o.h. Vi valde ei rute til venstre for dei to elvane opp. Det var trakk, og lett å finne ruta. I regnvèr, ville eg vore noko skeptisk eit par plassar. Nedatt valde vi ei rute der vi kryssa elva. Dette av meir nysgjerrigheit. Vi kom fint ned her og. Frå 1700 meter >>>

Map    

Bermålsnosi

Date:
07.07.2018
Characteristic:
Hike
Distance:
19.9km

Tur frå Fodnes, via Aspevikstølen. Vidare til Storeskar, så Vierskardshøgdene, og fjellet utover til Bermålsnosi. Dette fjellet ligg fint i synet når ein tek ferja frå Mannheller til Fodnes. I dag var vi ei lita intim gruppe i Lærdal turlag, som var heldige å ta denne vakre turen. Utsikta når ein går fjellryggen frå Storeskar og utover mot Bermålsnosi er formidabel. Bleia/Lemeggi, fjordlandskapet, med Sognefjorden utover, med Lusterfjorden innover, og alle fjella rundt. Dramatiske Hurrungane, snille Offerdalen, sikt til Årdalstangen og Årdalsvatnet. Nydeleg innover mot Raudbergnuten, Berdalseken, og Suletinden. Veldig flott utsikt mot Høganos, og Store Hånosi i Lærdal. Dette er fin-fin tur på ein godversdag :)

Map    

Sulevatnet rundt med toppar

Date:
01.07.2018
Distance:
43.9km

Sykla inn til Sulevatnet. Frå Eldrevatnet var det 12 km inn til demninga, og noko lenger enn venta. I dag vart det tur rundt heile Sulevatnet. Klokka inn Sørvest for Sulevatnet og Knipenborg, Lærdalstoppar over 100 pm. på sørsida av vatnet. Den tredje, Knipenborg Sørøst, var ein mindre topp. Eg var spent på nedgangen til Bjørnabotnen under Høgeloft. Det gikk fint. Litt utfordrande eit skråbratt sva/hyllegalleri, men det løyste seg, og var innafor. Eg kom meg nedover mot botnen. Brea som låg under meg var for bratt, og uaktuell. Alternativet hadde vore å ta seg oppover mot Høgeloft. Glad eg slapp det. Etter å ha runda sørsida av Sulevatnet bar det kraftig beint opp, og opp på Hardeggi. Eg var innom 4 toppar i nabokommunane på nordsida. Av desse var Kyrkjenøse og Storeknippa >>>

Map