Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Rødåsen

Datum:
26.10.2024
Entfernung:
1,2km

Toppunkt på ås like ved der son min Joakim bur. Besøk i dag hjå familien. To tvilling-jenter på 2 år var litt snufsne i dag. Utsikta var grøne bartre og skodde. Idyllisk det også.

Karte    

Storehaugen

Datum:
18.10.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
13,3km

Mørket kjem tidlegare no. Avspassere to timar, og då vart det topptur på fredag. I dag var også dagen med meldt finaste vèret denne helga. Køyrde til Kaupanger og opp flyplass-vegen til ca. 400 moh. Delvis merka og skilta rute, men ein må følgje litt med på appen til ein er i posisjon oppover fjellryggen. Når ein har komme litt opp og ut på ryggen, får ein ei nydeleg utsikt til fjorden, Kjørnes og Sogndal. Ut til toppen av Storehaugfjellet med mastene er det 6,4 km. No får ein også fin utsikt til Bleia og vidare ut Sognefjorden. På retur tok eg med ca. 70 nye høgdemeter opp til varden på grøn topp som blir kalla "Storehaugen". Her er varde, og svært god utsikt mot m.a. Sogndal. Her er Sjekk-ut på Ut-appen og postkasse. Så er det eit godt stykkje der ein er på >>>

Karte    

Fjellstulfjellet

Datum:
11.10.2024
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
6,0km

På veg til Nododden og Porsgrunn vart det køyrepause, og ein liten topptur. Merka sti oppover på fjellrygg. Vekslande sva og skogsbotn. Ei og anna myr, og nokre idylliske vatn. Godt å strekke på føtene, og fin utsikt frå toppen.

Karte    

Klantenovi 11/24

Datum:
06.10.2024
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
4,0km

Noko lyst på 100 m pf. topp. Men ikkje på lang køyretur og dårleg vèr. Då vart det repetisjon av ein enkel topp i nærområdet. Klantenovi er ein av eit par åsar i Lærdal kommune. Fjellvegg, og fjellrygg er det mest av i det tronge dalføret. Difor er dette området fint for oss lokale, i periode mellom sommar-og vinter-sesong.

Karte