Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (360)
- Alpine trip (19)
- Hike (56)
- Hillwalk (219)
- Jogging (40)
Favourite peaks
Amla - Søre Gråbrørne
- Date:
- 20.12.2025
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 11.2km
Snøen har smelta. Rekna med at denne turen, 40 min heimafrå medrekna ferja, skulle vera bar i dag. Det var den, kun 100 meter med litt is, ved eit vatn like under toppen. Fyrste gong eg går til toppen på austleg rute mot fjorden. Eit flott utsiktspunkt på vegen, 10 meter avstikkar frå stien. Fin tur, men ein må følgje litt med, då ruta vekslar mellom skogsveg og sti. Flott utsikt inn Lustrafjorden, like under toppen, på den ruta eg gikk i dag.
Klantenov 17/25
- Date:
- 18.12.2025
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 3.9km
Mi normalrute i dag. Ja, sett bort frå at eg måtte gå utanom ein del utanom trefalla, etter vindsystemet "Amy" si herjing i haust. Heilt bart no, etter att all snø og is har smelta bort att.
Amleholten 10/25 og Søre Gråbrørne
- Date:
- 06.12.2025
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 12.5km
Plan var Amleholten, men ein liten opsjon på ein topp til, om forma var på plass. Tok raskaste ruta mot Amleholten i dag. Opphald, turr sti, og fint å gå opp. Obligatorisk bilde mot Bleia. Småsprang nedatt. Forma sa ja til meir tur. Då vart det på god skogsveg i raskt gå-tempo inn mot dalen Svartahol. Derifrå på sti opp til Søre Gråbrørne. Greitt å gå, med berre litt gamal snø/is øvst i stien, og ikkje glatt. Retur same veg. Kjekt å få til ein slik tur så seint på året, og nesten snøfritt på 700 m.o.h.
Klantenovi 16/25
- Date:
- 30.11.2025
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 4.5km
Litt alternativ rute i dag, for å sjekke ut stad å sjå Vindhellasvingane i frå. Fann to fine stader, men må kanskje enno litt ned. Nokre tre skygga for. Moro å utforske litt.
Nysetfjellet
- Date:
- 22.11.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 15.2km
Tur frå Topcamp. Campa med bubil frå fredag til søndag i samband med invitasjon til bursdagsfeiring i bygda. Då rakk eg ein fin fjelltur. Skilta og merka frå hogstfelt litt opp grusvegen som går opp til fjellet i området. Om ein vil kan ein køyre helt opp, og gjere toppturen til liten sveiv. Men eg skulle trene litt og. Det meste av turen på sti i granskog. Det var mange ruter som var skilta i terrenget her. Ål har mykje tilrettelagt for fysisk aktivitet. Kun siste knappe km i høgfjellsterreng utan skog. Flott utsikt til Hallingskarvet, Reineskarvet, Lauvdalsbrea med fleire.
Klantenovi 15/25
- Date:
- 16.11.2025
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 3.3km
Gikk frå Borgund kyrkje i dag. Skjeldan eg nyttar denne ruta. Likar best å gå frå Rimskjold. Men kyrkjene og området ved er unikt. Framleis er det mykje trefall å rydde opp i etter stormem «Amy». Det er arbeid med opprydding fleire stader, og det blir betre.
Smørlifjellet og Binnhovdknatten
- Date:
- 09.11.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 11.2km
Tur i Nord Aurdal kommune i dag, for å plukke eit par Valdres-toppar. Meldt sol austafor, og snøen har trekt ned på toppane rundt oss i Indre Sogn. Kjekt å gå i dette vidde-landskapet. Fin utsikt til Jotunheimen, sjølv om den er litt langt i frå. Kort nok til at ein får inntrykk av at snøen verkeleg har lagt seg til i høgda. Gikk i frå stølsområde Pilset, som ligg 13 km opp frå tettstaden Leira. Vel to timar å køyre frå Lærdal. I dag kom ikkje kartet opp på appen til Peakbook. Sette den difor ikkje på før det tikka inn ein liten topp. Forstod då at det kun var visninga av kart som ikkje fungerte. Leita litt etter startpunktet, men etter 100 meter bortover Fjeslivegen, gikk det trakk rett opp på ein haug. Sti på heile turen. Ved bruk av Ut-appen, ser ein stiane, slik >>>
Lusaskard
- Date:
- 25.10.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 9.2km
Køyrde inn Njøsadalen, ein smal, og innimellom bratt veg. Parkerte på planert plass ved vegskilet. Gikk over brua og vidare på veg fram til stølen Skagasete. Fin støl. Skilta mot m.a. Lusaskar. God sti i starten, og nokre eldre raude merke viste veg. I ein liten botn var det to stiar, så her måtte ein følgje med. Eit lite raudt merke viste at her skulle eg dreia mot venstre, for å komme meir opp på rygg. Fint å gå innover, og etter kvart opna utsikta seg med mykje å sjå rundt om det heile. Dalar, toppar, myrområde, Sognefjorden, sol og regnbyger. Skiftande lys. Frå toppen var det spesielt fint ut fjorden, og mot Skriki. Retur same veg. Oppe på fjellet er det på lag sti, men over myrområda er det ikkje sti. God hjelp av appen for å unngå haugar, og dei største myrane. >>>
Liahovda
- Date:
- 09.10.2025
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 4.8km
Restitusjonstur etter i går. Kjapp skogstur, fyrst på traktorveg. Sikta så inn i terreng der det var ope, og dreia så i retning mot toppen. Fin utsikt �. Valde sti nedatt. Lett å følgje til å byrje med, men, lenger rute nedatt. Greitt med variasjon.
Keisaren
- Date:
- 08.10.2025
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 6.1km
Gråhø vart ikkje med i tur-runden som planlagt i dag. Det grunna ver-tilhøva. Men det vart ein tur nr to, til trøst. Veldig fin og lett tur, no med sol på det meste av turen. Flott utsikt.
