Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Klanten - lett topptur

Date:
26.03.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
4.0km

Tur til toppunket på Klanten, eller Klantenovi, i saman med Marita i dag. Med den nye peakbook-appen er turen no inne på mi Lærdals-liste over toppar med primærfaktor over 100 m.o.h. Dette er ein av dei lettare toppturar, og som i tillegg er lett tilgjengeleg. Dette turområdet er fantastisk flott. Det er stiar i mange retningar, og mykje er merka. Ein kan gå Vindhellavegen, Sverrestien, Annastien og Klanten. Ein kan starte ved kyrkjene, eller frå der Vindhellavegen tek til, nokre hundre meter aust om kyrkjene. Det er kanskje finast å gå frå det grøne ungdsomshuset Rimskiold, som ligg 200 meter aust om Husum hotell. Dette turområde passar til alt. For kulturinteresserte, til roleg søndagstur med barn, og som tempo og trening. Terrenget frå 100 meter aust om Vinhellaskaret (grind) >>>

Map     2 comments

Høgeloft - skitur med Lærdal turlag

Date:
11.03.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:00h
Distance:
22.0km

Fin tur med Lærdal turlag i dag. Sju spreke i fylgjet. Vi gleid frå Eldrevatnet og innover mot Ulvehaugen kl. 10:05. Torsdag hadde det komme ny snø. Sjølv om vinden hadde fordelt ein del, var det greitt føre i dag. Denne snøen var etterlengta, då fjella har lite snø i år. Vi valde rast under topp 1294 etter knapt ein times gonge. Greitt å fylle opp lagera før sjølve stigninga. Denne gongen gikk vi opp Skorheimsgravhalsane. På skrå bratt opp mot gjelet og elva som renn frå vatn 1668. Slik var vi på høgre sida. Fint jamn stigning så vidare opp til toppunktet. Vi såg Rando-folk som gikk rett opp på andre sida av gjelet. Då fekk dei ei rute meir rett på, medan vi ringa på hi sida av det store gjelet. Sett bort frå litt is om lag der det brattaste knekkjer av ved gjelet, var >>>

Map