Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Loftet

Date:
08.10.2016
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
5:45h
Distance:
12.2km

</gallery> Sesongen var eigentleg avslutta, men eit kraftig høgtrykk fekk oss på topptur igjen. Tidleg frå Lærdal, og flott køyretur over fjellvegen Øvre Årdal - Turtagrø, og vidare over Sognefjellet. Stålande sol og tåkedis. Magisk :) Vi parkerte ved Øvre Halsatjønnen, og gikk oppover Langranden på fin sti. Etter kvart flata det ut, og inn ein dal, før det gikk bratt opp på ve. side av ei grov, og vel 150 høgdemeter opp til platået ved Veslloftet. Her låg det snø, og vi valde å gå over dette skaret og ta oppstigninga langs egga mot Leirdalen. Det angra vi ikkje på, då utsikta oppover var magisk. Fekk ein del flotte foto over leirdalen, mot m.a. Skardstinden, og fleire flotte tindar og brear. Det var innimellom litt vanskeleg på snø i kombinasjon med lause steinar. >>>

Map