Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Klantenovi 4

Date:
29.04.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.1km

Tjaaa. Skal ein satse på ein gong kvar månad til Lærdal sin lettaste topp ? Fjerde gong i år, og fyrste tur med bart føre. Eller 99,9 % bart, sidan eg passerte to små snøflekkar, og runda eit par is-parti. Men knappar brest, og det er vår oppi Borgundsbygdi :)

Map    

Hellstugubrean med toppar

Date:
23.04.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
24.6km

Nydeleg ver og fin tur på Hellstugubrean med Marita. Helgetur til Lom. Bubilen har ikkje vinterdekk, så vi leigde oss inn i leilegheit ved Nordal turistsenter. Gamal stugu som var pussa opp. Grei innkvartering og god frukost. Køyrde mot Spiterstulen laurdag morgon. Vegen oppover var svært holete, og ein del skada av vatn som grov. Måtte ta det med ro. Gikk innover Visdalen kl 09:40, og snart nådde vi sola. Fint innover, men snøen sang på siste verset her. Etter kvart litt opp, og inn mot brefallet. Ca. 2 timar hit, og så matpause i nydeleg sol, og stille. Etterpå vidare opp brea. Ingen problem, anna enn at det var hardt og ein del "bøljeblekk". Følgde delvis eit skuterspor, som gjorde det jamnare. Det var berre å finne rett tempo, og ete seg høgdemeter opp brea. Fint >>>

Map    

Fødalsnosi og Nordaust for Skavlevatnet

Date:
17.04.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
36.9km

Då blei det langtur, og Fødalsnosi er bestegen. Kom litt seint i gang i dag, og måtte rekne på tida undervegs. Tenkte att det blei berre Nordaust for Skavlevatnet. Og det er vaksen topp det, 1770 moh. Nådde denne etter 3:22. Det var hardt føre opp frå Bjordalsbu, og til denne toppen. Elles var det fint føre på heile turen. Klokka var ca. 16, og eg tok sjansen, og satsa på Fødalsnosi. Tenkte at eg kunne snu undervegs, viss det drog på med tid. Godt føre er viktig, elles kan tida dra på. Og eit godt val av rute, er også viktig. Turen vidare frå Bjordalsbu, var heilt ukjendt terreng for meg. Eg hadde lese meg opp på kart i førevegen sjølvsagt. Vurderte ruta stort sett ved å lese terrenget. I dag var eg både dyktig å heldig, vil eg meine. Heilt perfekt til Fødalsnosi, som >>>

Map     2 comments

Øvre Salen nordaust

Date:
15.04.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:36h
Distance:
7.5km

Fin-fin langfredagstur til Øvre Salen nordaust. Son Joakim og Marita var med. Fyrstnemnde med heftige gnagsår, og Marita med mykje trening frå i går i føtene. Vi gikk frå parkeringa til grunneigarane på Smeddalen. Der har slekta hytte, som far min bygde i 1955, og difor har vi koden til bommen :) Turplan var til litt over tregrensa. Så skulle vi til dagens mål, hytta nedst ved Smedalsvatnet. Men det blei topping likevel. På alle tre. Vi møtte Yngve og Vidar på veg ned, då dei var like under toppen. Holdt følgje på retur etter kvart. Det er svært mange som har oppdaga denne toppen som ein godt eigna rando-topp. Bilde viser at det var god trafikk i går og i dag. Lukka var nysnøen som kom for nokre dagar sidan, og som dekke over mange harde is-parti. Nysnøen hadde bunde seg >>>

Map    

Blåskavlen - avbrote

Date:
14.04.2022
Distance:
15.7km

Nydeleg dag, blå himmel,og varmt opp Soleibakkane. Gode vermeldingar. Gikk med Joakim, Sigmund og Øystein. Fyrste bildet av Fagerdalsnutane viser idyllen. Så viser andre bildet Blåskavlen med litt tåke rundt. Fem minuttar før, såg vi Blåskavlen klart med blått over. Ja så klart var det, at vi såg varden frå litt innpå Helleberg. Men tåkeskyer tjukna meir og meir, og like ved Fagerdalsnutane, valde vi å snu. Dette overraska ut frå meldingar. Men det var ein fin tur, og etter ein rast, vart det fin køyring nedover, og særleg flanken ned frå Helleberg var nydeleg. Svært varmt nede i Modlaugsbotn, der det smelta i spora. Finfin tur, men topping lyt det bli ei anna gong.

Map    

Stora Grånosi

Date:
11.04.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.9km

Rando-tur med Marita frå Vardahaug. Meldt trekvart sol, men den var synleg i områda nord og aust for oss. Mange kraftige drønn i snøen i dag. Såg sjølvutløyst ras ovanfor Vardahaug støl. Ikkje mykje over 30 g i brotkant. Bestigninga opp flanken på Stora Grånosi er mest 25 -27 grader. Vi valde å gå lenger ut i retning Bjørnen, før vi gikk mot toppen litt under toppryggen. Litt slakere terreng, og så unngikk vi den brattaste flanken, med mest vind-transportert snø. Retur same, og med noko mindre morro køyring enn om vi hadde køyrt rett ned flanken. Men sikkerheit fyrst. På returen frå toppkruna var det tett skodde, med sikt ca. 10 meter. Heldt spora. Like under toppkruna, vart det på nytt grei sikt. Dimt ned att frå sjølve fjellet. Betre vidare nedover med ein del skare. >>>

Map    

Tyin - Nakkane

Date:
01.04.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
26.7km

Lang og flott fjellskitur. For det meste greitt føre, sett bort frå skare innimellom, og rundt avblæsne toppar. Gikk på ei blemme i starten, då eg følgde ei flott løype som trakkemaskina hadde laga. Sikta på feil skar, og då blei det retur. Ein god halvtime og 2 km ekstra km blei det. Men morro ned den maskin-trakka bakken. 55,7 km/t på fjellski, er bra tempo :) Mot skaret var det skråbratt og isete. Tok av skia, hadde på kjetting på skoa, ca. 200 meter på føtene. Så var det ei kort stigning før fellene kunne av, og det blei fin sigling innover i retning vatna. Her er det viktig å sjå til kor ein går over, då Øyangen har opa råk. Sikta meg mot Stornakken, og fann ei fin rute med fin snø oppover. Kom opp på ein rund topp, som gjorde meg usikker om eg kom over grunna >>>

Map