Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Grytingen

Date:
16.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.2km

Nydeleg tur i haustfjellet i dag. Parkerte ved Svartegjel, 150 m sør frå Borgund Stavkyrkje. Ca 300 meter å gå nedover, og ein kjem inn på skilta og merka stølsveg til Kyrkjevollstølen. Frå stølen gikk eg litt mot Nesdalsida, og følgde ryggen opp. Besteig toppen frå vest. Nedatt mot nord. Det var ein stad det var greitt å komme ned. Litt bratt der. Så heldt eg skrått rett mot Kyrkjevollstølen på returen. Det var ein del sauetrakk, men noko kuppert. Flott utsikt frå toppen. Det var komme snø på Høgeloft. Det var særleg flott utsikt mot Fagerdalsvatnet i Horgedalen, og ned Lærdal, med Bleia og Jostedalsbreen som farga kvitt mot himmelen.

Map    

Store smørstabbtinden

Date:
02.09.2017
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
15.0km

Frå Krossbu kl. 10:10, opp på ve. side langs Leira. Vi gikk opp til brevatnet ved Leirbrean , for å sjå breen på nært hald. Så rundt brevatnet, og oppstigning på høgre side av elva. Øvst var det veldig bratt, og berre ei rute som er god (grei). Pass på at du ikkje går for langt til venstre (bratt laus vegetasjon), eller til høgre (bratt berg). Gå opp til, og under ein stein/hammar, og ruta går fint på greie hyller att og fram. Oppe på platået sør om Leirvatnet, er det å halde i vestsida av tinden oppover. Både vardar og tydeleg trakk, viser veg oppover. Når det flatar ut under ei lita snøbre ved 1900 moh, må ein vurdere terrenget for stigninga i det bratte partiet. Du skal følgje «risset» til høgre for midten. Det er nokre vardar og tydeleg trakk oppover. Du bør >>>

Map     3 comments