Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Hodndal /Jutlamann - Ofta/Lærdal

Date:
29.05.2021
Distance:
15.9km

Plan var topptur, men usikkerheita låg der. Stikkord: Snø, og fottur høgt til fjells. På vegen vart det plukka nokre DNT SjekkUt-mål, på Lærdal si liste. Den tel f.t. heile 81 turar. Så litt plaster på såret i tilfelle null topping. Det var ei lita von om at det var nokon tå-rabbar, slik at eg kunne komme meg opp på Nordnosi, og gå fjellet ut til Torsstein, og ruta nedatt til Lærdal sjukehus derifrå. Ved selet i Hodndalen var det grei skuring at elva var for stri til komme over på andre sida. Så eg rusla vidare innover i eit lite håp om å kunne gå over fjellet i staden for retur. For det er ein fin tur. Det viste seg å bli ganske strabasiøst, med svært mange rotne snøfelt å passere, og nokre småskumle snøbruer over elvar. Men......opplevde å ha kontroll på dette. >>>

Map    

Hovden på Ervika

Date:
24.05.2021
Distance:
2.9km

Denne turen er kort, men har mykje å by på. Rikhaldig krigshistorie med mange installasjonar, som m.a. Kanonstillingar. Tunnell gjennom fjellet for effektiv krigsdrift. Mange russiske krigsfangar mista livet her.

Map    

Vestkapp

Date:
23.05.2021
Distance:
0.7km

På grensa til juks å klokke inn ein raud topp etter biltur nesten heilt fram. Men med tanke på bruk av Bubil på 2,35 i breidde opp vegen der, så for vi sei godkjendt. Nydeleg utsikt på ein godversdag. Kysten er magisk for ei landkrabbe frå inst i Sognefjorden.

Map    

Traneberget og Heida

Date:
23.05.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.3km

Etter nydeleg solnedgang og overnatting på Refviksanden, utforska vi meir av øya. Plan var å køyre ned til Kråkenes fyr, men vi snudde ved rasteplass på nedstigninga, tett ved Vindturbinane, Medhuken. Nydeleg utsikt, sett bort frå ... Vindturbiner passar ikkje i dette vakre landskapet. På retur stoppa vi Bubilen, og eg fekk lufte meg på to toppar, medan Marita prioriterte foto, soling og strikking. Kjempekjekk "pausetur" bort til Heida, toppen med den store Radaren på. Denne kula er lettare å akseptere i naturen. Den gjer ein viktig jobb for sjøfarande, og står heilt i ro. Utsikta frå Bogehornet og ned til Refviksanden var finfin.

Map    

Naustdalskammen

Date:
22.05.2021
Distance:
7.3km

Topptur i Nordfjord som bonus på helgetur. Primærmålet i pinsa var å plukke nokre dagsturhytter, på crusing ut over vakre Sogn og Fjordane i retning Havet. Så vakre stader, og så fint helgever. Fyrste natt ved Kjøsnesfjorden, og vakre Jølster. Skal seie dei har lagt Dagsturhytta fint til der. Så Sandane, med den fortryllande Trivselskogen. Utover Nordfjord fann vi denne fantastiske utsiktstoppen. Så bar det mot kysten og Måløy, før alt blei toppa med solnedgang på Refvikstranda.

Map    

Viafjellet

Date:
17.05.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:26h
Distance:
6.6km

Spontan topptur i samband med ein fin road-tripp frå Lærdal via Gaularfjellet til Førde. Plan var Dagsturhytta, som roleg luftetur på 17. mai. Men fekk teften av ei raud nål. Sporet frå Viafjellvarden til topps og nedatt. Lengd på turen er korrigert opp. Fin utsikt til Storehesten, til Førde by, og til jordbrukslanda rundt om i dalane. Heiar på den norske bonden.

Map    

Veslfjelltinden pluss 2

Date:
15.05.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
15.9km

Fin tur med Lærdal turlag på Sognefjellet. Denne turen har vorte avlyst tidlegare år, og det var mitt ansvar å vere turleiar. Vêret var meldt vanskeleg, med sterk vind 10 -12 under 48 timar før start. Det vart nokre rundar med yr og storm, og kl 18 kvelden før, beslutta eg ja til tur. Vind meldt løya, og om morgon enno betre. Frå Krossbu litt over kl. 11. I det vi kom litt oppover kurskorrigerte vi for å unngå gjennomslag-snø på tur opp. Vi følgde ruta mot Veslbreatinden. På spørsmål til gruppa etter ei tid, vart det avgjort å gå på toppen av Veselbreatinden før Veselfjelltinden, som var dagens hovudmål. Ein matpause gjorde godt etter vel halvanna time. Etter fyrste topping gikk dei fleste oppom Hurrbreatinden, før vi rasta i skaret mellom denne og Veselfjelltinden. Siste >>>

Map    

Suletinden

Date:
07.05.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
18.2km

So kjekt at ein kan gå på ski til Suletinden godt ut i mai. Og det i eit år med lite snømengd. Nordaver over tid har gjort susen. Og litt påfyll av snø innimellom, særleg over 1000 moh. Fredag, og siste dag i ei fantastisk ferieveke i mai. Godt alternativ til Mallorca. Tredje skitur, og fleire andre fine fotturer har mai du skjønne, bydt på. Ikkje alltid like mildt i år, men med mykje sol. Vi valde ruta frå Grønna ved Kyrkjestølane i dag. Ein kan gå Suletinden på ski frå Skitrekket via Sulebu og Suleskardet. Det er lengre. Nokon går frå Nystova. Fillestølen, Buhaugane og frå Nedre Smeddalsvatn er også fint. Kortast er det frå øvst i hyttefeltet på Gramstølen. Denne gongen valde vi Randonee-utstyr, og angra ikkje på det. Fin køyring frå under toppkruna på fjellet >>>

Map    

Langhamrane

Date:
05.05.2021
Distance:
9.1km

Besøk i Høyanger-fjella. Marita har budd i her i 25 år, og har fleire bekjende. Det var ei som ville vere med å gå på Rando med oss til Langhamrane. Den smale vegen svingar seg bratt opp fjellsida ovanfor byggefeltet. Etter om lag 400 meter flata det ut, og vi kjem til parkeringa for frilufts-område på vinteren, med skitrekk og løyper på Sipplo. Snøen låg enno heilt nede ved parkeringa takka iherdig køyring av trakkemaskin som har pakka snøen godt. Slik kan ein då komme seg vidare opp i fjella på anleggesveg som er løypekøyrt. Kun ein stad i lengd 10 meter var det bart, men ei snøstripe på kanten fekk oss forbi. Etter ei tid på desse vegane kom vi over i kuppert terreng. Idyllisk med knausar, og små eldre berekraftige hytter innimellom. Så bar det oppover og innover. >>>

Map    

Hesteggi

Date:
03.05.2021
Duration:
2:41h
Distance:
12.8km

Fin treningstur frå Kjørnes Camping. Klart ein kan feriere i nabobygda. Gikk frå den nydelege og stille Kjørnes Camping, ein måndag i mai. Sydenferie blir Norgesferie. Store kontrastar frå Storebjørn laurdag, og Fuglesteg i går. Denne treningsturen hadde overskya, sol, regn, hagl, og tett snøver på toppen. Ein Sogndalstopp i boks, fin opplevelse og god trening. Lyt ta ein ny tur for utsikt på toppen ei anna gong.

Map