Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Syndarhovd

Date:
05.06.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.6km

Ettermiddagstur inn Volldalen, til stølen Botn. Sauer på beite. Vidare innover fjellet i jamn stigning. Fann noken trakk, og etter kvart ei fin rute til Volldalsnosi. Følgde så høgaste toppane bortover til Syndarhovd. Flott utsikt heile vegen. Gikk ut fjellet Syndarhovd, og ringa tilbake til ruta opp. Eg prøver å gå naturlege drag i fjellet, for å få utsikt, og ei fin rute. Ikkje alltid at kortaste vegen er finast eller mest effektiv. Nydeleg i fjellet i dag :) Fantastisk flott varde på Syndarhovd. Skulle gjerne vist meir om historia bak alle desse vardane. Nydeleg steinarbeid.

Map    

Bringe

Date:
02.06.2018
Distance:
19.4km

Etappe ein på denne toppturen gikk føre seg med sykkel. Frå Borgund kraftverk går det anleggsveg innover fjellet. Vegen går fyrst i 12 svingar opp fjellsida, for så å stige like bratt innover innover dalen. På turen passerer ein fine stølar som Dekkene, og Leikvollen. Ein kjem opp til Vasset med den store demninga, som er verdt turen aleine. Vidare går vegen innover fjellet, ned Bjordalen, og endar øvst i Nesdalen. Dit lyt vi sykle ei anna gong. Det er nokre fine toppar innover, ma. Bidlesteinsnosi og Grindi. Vi stoppa ved Vasset-dammen i dag. Derifrå gikk vi rett mot toppen. Følgde naturlege drag i terrenget, og varierte med ei litt anna rute nedatt. Sjå spor. Utsikta frå Bringe var framifrå, då den er veldig sentralt plassert i høve fjellheimen i Lærdal og Borgundsfjella. >>>

Map