Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Slutedalen-Slutenosi-Vetle Frostdalen

Date:
14.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
13.4km

</gallery> Langfredag, og endeleg kom finvèret. Heilt blått i dag. Gikk inn Slutedalen for fyrste gong. Denne dalen overraska med å vere veldig vintervakker. Bratte sider mot sør, med svarte berg, skavlar og god variasjon å kvile auga på. Bratt, men enkelt opp frå Sluten. Når ein kjem inn i dalføret, opplevast det nesten flatt, med eit par brekkjer undervegs. Etter halvanna time i roleg tempo kom vi til ei lita hytte ved ein knaus rett mellom dei to Slutevotni. Her var det enda til uteplass. Ein fast to-sits med bord. Kan det vere kraftutbyggar som eig denne ? Her sette vi oss ned med matpakka og varm te. Vi gikk vidare over nedre Slutevatn, og opp i skråninga, rett mot toppunktet på Slutenosi. Etter ca. 45 min. frå pauseplassen var vi på toppen. Vi sveitta godt i nysnøen, >>>

Map    

Nordre Kluftenosi

Date:
02.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
12.1km

Fjellskitur i kvista skiløype frå Breistølen til skardet Nordestrupen. Denne ruta er ei DNT kvista rute frå Breistølen til Sulebu. Men eg skulle ikkje dit i dag. Frå Nordestrupen besteig eg dei siste 150 høgdemeterane på truger. Veldig greitt å bruke truger i staden for ski til toppen. Det var ein solid varde på på toppunktet. Retur same veg. Plan var å ta topptur nr. to for dagen til Breistølfjellet. Men vèret tjukka til og det kom litt snø. Då var det greitt å følgje den kvista løypa nedatt til Breistølen. Frå ca. 1100 m.o.h. gikk snø over til regn. Sjølv om sikta var grei, valde eg å avslutta turprosjektet for dagen :) Denne turen gav 25 % gjennomføring av Lærdalstoppar for min del.

Map