Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Sulefjellet - skitur med Lærdal turlag

Date:
18.02.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:00h
Distance:
13.8km

Vi parkerte øvst i hyttefeltet Gramstølen. Det var meldt vind på 10 -11 ms. og laget var usikker på valet i dag. Alternativ til tur frå Gramstølen, var tur frå Tyin/Filefjell skiheis i retning Sulebu. Etter litt drøfting valde vi å gjere eit forsøk på topptur frå Gramstølen. Vi kunne snu om vèret blei for ille. Det vart ein fin tur. Lite snø til å byrje med, og hardt. Kun skifeller som gjaldt. Etter ein god halvtime vart føret betre, og det vart ein fin skitur innover. Vi såg atti solauga sjølv om det var skya, og ho varma litt. Det var nok litt vind, men den fekk vi i ryggen. Og det var ikkje snø. Ved foten av fjelltoppen såg vi på GPS-spor, og vurderte ruteval. Korrigerte litt mot nordvest, og det viste seg at vi fann den beste ruta mot toppen. Då vi nærma oss, blæs >>>

Map