Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Klanten

Date:
05.12.2020
Distance:
4.1km

Map    

Galden

Date:
29.11.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.7km

Årets andre på ski, og fyrste på Randonee. I går blei det 15 km langrennstur i løyper på andre sida av Tyin-vatnet. I dag fekk eg med min kjære på topptur. Parkerte på Tyinstølen. Systemet med betaling via SMS fungerte ikkje. Vipps neste ? Det ser bratt ut opp frå Tyinstølen, men det lagar seg fint. Min fyrste tur her. Sidan det var minimalt med snø, måtte ruta velgjast deretter. Gikk difor litt høgare i terrenget enn «normalt». Ville unngå vatnet. Flanken mot Galden vart litt Berg- og dalbane. Men vi fann ei grei rute. Svær fin utsikt frå toppen, særleg mot Vang, der det var klarvær og raudskin. Vi la retur med hensikt bortetter ryggen. Variasjon er kjekt. Det blei litt bratt nedatt frå dette fjellet, men vi fann greie hyller. I skråkøyringa då vi nærma oss sporet >>>

Map     2 comments

Bringe

Date:
24.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.1km

Fin topptur på seinhaust og godt med høgdemeter. Parkerte ved Borgund kraftverk, og gikk oppover anleggsvegen mot Vaset. Marita gikk stølsvegen, medan eg veksla litt mellom sti og grusvegen. Etter 1:35 var vi ved den fine stølen Leikvoll. Heldt fram til der vegen vender ut mot Tippen. Etter ein liten matpause her, tok vi bratt opp flanker mot toppen. Tok si tid då lyngen i starten saug godt med krefter. Frå 1300 vart det snø innimellom, men greitt å finne ei rute utan for mykje gjennomtrakk. Det vart meir snø å streve i mot toppkruna. Då gikk det ikkje fort. Gjennomtrakk og runde steinar under. Sakte men sikkert nådde vi toppen vel 4 timar etter start. Svært vinterlig oppå toppen her, som har fleire master og tekniske installasjonar. Litt fotografering før vottane måtte på >>>

Map    

Røssa, Bruknappen og Kjellarhaugen

Date:
16.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:07h
Distance:
21.5km

Vi nytta siste rest av daglys, og fekk til ein fjelltur i kombinasjon med litt avspassering. Sjølve ruta har 674 høgdemeter, og 9,6 km, 3:02. Gløymde å starte appen på sykkeletappa. La den til etterpå. Sykkel 12 km t/r og 516 høgdemeter. Da blei turen 21,6 km, 1190 høgdemeter, og 4:07. Som den var.

Map    

Grønevatnet - Sletterust-toppar, Frostdalsegger og litt til

Date:
11.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:12h
Distance:
24.6km

Å førr ein tur. Nydeleg haustver og fjelltur i Vang og Borgundsfjell (Lærdal). Gikk frå nye rasteplassen ved Grøna. Fann stien frå den raude hytta øst for sanitærbygget. Fin sti men litt blautt opp lia i bjørkeskog. Etter 45 min framme ved Grønevatnet, traska vidare på høgre side. Der elva kom ned frå aust, måtte eg opp litt for å komme over. Fann vadet til DNT-løypa. Kom over, men sipp-sapp blaut, då vannføringa var stor. Fint å følge merka sti innover. Her var det veldig vakkert, særleg inn i botn. Fine varme fargar. Small 10 skot (hagle) siste halvtimen. Tok pause i hellinga opp mot dagens fyrste topp, « Sletterustvatnet Sørøst».. Etter 15 min pause bar det rett opp, og bortover egga. Veldig fint oppå her, med fargerik reinsmose. Toppen etter 2:15, og då tok eg >>>

Map    

Monsetjodnstølen og Volldalsnosi

Date:
30.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.3km

Ettermiddagstur til Stølstrimposten ved Monsetjodnstølen. Dette er turposten som er lengst unna av Stølstrimmen 2019/20. 10 postar. Litt blautt etter dagar med regn. Tok ein tur om Volldalsnosi for å forsvare bruken av Appen. God trim.

Map    

Nedre Tverrberget

Date:
19.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
30.5km

Nydeleg tur i Borgundsfjell på Filefjell. Og nett innom Årdal også. Sykla vel 8 km innover anleggsveien frå Sluten. Litt før Vikadalsvatnet, gikk eg rett på fjellet Graveggi. Var litt spent om eg kom opp der. Men eg fann framkommeleg rute på hyller og ur. Toppa dagens fyrste Graveggi aust, som ligg i Lærdal. Så var det vidare til hovudtoppen, Graveggi. Den ligg i Årdal. Greitt dit. Ned frå denne, og med bein sikt til Nedre Tverrberget. Litt vurderingar for å finne rute, men det løyste seg med fine hyller nedover. Snart vart det frodig og fint. Lettkuppert og kjekt å gå med nydeleg utsikt bortover i landskap på omkring 1400 moh. Så kom eg til kanten av Øvre Tverrberget. Der vart det bom stopp. Loddrette stup over alt. Men litt tilbake ca 200 m så kom eg greitt ned eit relativt >>>

Map    

Bermålsnosi og Vetanosi

Date:
06.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
20.4km

Fin tur med Marita på tidleg haust. I dag var vi spent på ver og forhold. Det har regna mykje i det siste, men skulle bli opphald frå kl.13 og sol frå kl. 15 vel så. Sola kom fyrst kl. 18, på tur nedatt i furuskogen. Då vart det ein tur i tåke. Frå 1000 moh. ved Storeskar og inn mot Bermålsnosi var det sikt ca. 40 - 60 meter heile dagen. Men det gikk for så vidt greitt sidan eg har gått turen eit par gonger tidlegare. Det var godt å ha Peakbook-appen som GPS innover, sjølv om ein måtte zoome mykje ut for å sjå kartet. GPS-en hadde eg lagt att i dag, fordi eg forventa at det skulle lette opp når vi kom bortover fjellet. Ikkje så smart, då ein bør ha beredskap. Men to telefonar, og diverse appar er til hjelp. På returen gikk eg oppom Vetanosi for å få ein topp til, medan >>>

Map    

Tissedalsvarden

Date:
27.08.2020
Distance:
12.0km

Ettermiddagstur med Marita frå Aurlandsfjellet. Greitt å ha denne sommarvegen, slik at ein lett kjem seg opp på fjellet. Finfin tur innover i mektig høgfjell mot Tønjum. Store varden er no på SjekkUt. I Lærdal er no 65 turpostar på denne plattforma. På denne ruta er det sti inn mot Tissedalsvatnet. Vidare lyt ein finne ei fin rute mot toppunktet. På returen såg vi to sauer som såg stille ut, og hadde noko blod på hovudet. Rapporterte til grunneigar. Fekk seinare beskjed på at sauene vart funne, og sanka inn. Sannsynlegvis angrepe av anna dyr. Godt å lufte seg i frisk haustluft.

Map    

Berdalen - Høganos

Date:
15.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.0km

Fin ettermiddagstur til topp i Lærdal. Ein går på merka tursti frå tavle 200 meter under garden Stødno. Ved den flotte fossen i Lærdal. Det er fleire sti-dele, sidan mange ruter er merka her. Ein går mot Åsen, så mot Lusahus, og så mot Berdalen. I stikryssa føl ein retninga mot turmålet. Stølen Berdalen er grøn og frodig, og har ei særleg fin utsikt mot dalføra, og flotte høge toppar i kommunen. Ikkje minst mot Bleia. Vidare går ein inn Berdalen, stadig lett stigande mot turmålet. Føl du med i starten, så finn du sti/trakk heilt inn i botn, og litt i stigninga som møter deg der. Inn mot botn har du kryssa elva. Så er det å finne ei fin rute i brattare terreng opp frå botn. Når det flatar ut att, må ein sikte på høgaste toppen. Ein stor varde viser deg toppen. Fantastisk >>>

Map