Topptur for fleire

Esone

Esone

Einar Moen
(Member since: 24.12.2013)
Gender Male
Phone number 90991539
Country Norway
Account GSM GSM

Mann bikka 60, som er glad i fjellturar og toppturar. Går både aleine og saman med andre. Har sidan eg besteig Suletinden på ski med far min som 7-åring, vore fasinert av toppar. Denne sida tykkjer eg er til god inspirasjon for å komme seg til nye turmål. Det blir tryggare å færdast når ein kan lese andre sine turomtalar. Det er mitt mål at mine spor og omtalar, kan hjelpe andre å oppleve fine toppturar.

I tillegg til treninga og rekreasjon, er eg også svært glad i det visuelle. Kjekt å sjå på foto i etterkant av turar. Mimre, visualisere, og ved hjelp av kart forstå terreng, og området ein har vore på tur i.

Eg registrer førebels toppar i Jotunheimen, 10, 30 og 250 pm. Vidare 100 pm i Lærdal (kor eg bur), Vang og Hemsedal. Har nokon hindringar då eg har ei grad av høgdeskrekk. Men har vore på Slogen, Storebjørn og Via-ferrata i Loen. Så dette kan trenast noko. Har ikkje erfaring med sikring, så då må eg i så fall skaffe meg nettverk og meir trening. Men det hadde vore spennande å nå nokre av dei litt tøffare turane i Jotunheimen. No strekkjer eg meg til tre stjerner og grøn trekant. Er elles glad i løypeski og fjellski-turar. Frå 2018 er eg også kommen på Randonè. Går ofte i lag med sambuar Marita. Har også fått følgje av eldste son nokre gonger. Toppar og fjell er toppen !! :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.