Archive - Date
Archive - Activity
Favourite trips
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Travers av Nordre Maradalstindar og
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favourite peaks
Forenesvatnet frå Målandsdalen
- Date:
- 23.10.2026
Endå ein beretur til hytta frå Målandsdalen, same opplegg som sist , men lettare bør. Flott ver over Målandsheia, snaut 2 timar transport pluss 20 min trakking av løype. Ein ravn såg ut til å leika seg oppe i solveggen på Prammafjellet. Fin og stille kveld ved Forenesvatnet, og etter kvart kom det opp ein nesten-fullmåne som gjorde at natta aldri vart heilt mørk.
Runde frå Tømmervik
- Date:
- 18.10.2026
2 timars runde i fantastisk haustver, om lag same opplegg som turen frå Tømmervik våren 2024 . Såg ei havørn i flukt, 10-12 dykkender i Stiglene og ei hjortekolle.
Retur frå Forenesvatnet til Målandsdalen
- Date:
- 16.10.2026
Etter to overnattinger på hytta ved Forenesvatnet , vart det retur til bilen ved Rv. 13 i Målandsdalen. 1 time 40 min lar seg høyra, sjølvsagt med lett bør samanlikna med oppturen.
Forenesvatnet frå Målandsdalen
- Date:
- 14.10.2026
Tung, men rask transport til hytta med nytt veggkart, første fottur frå Målandsdalen sidan nyttår . Brukte snaut 2 timar med den tunge børa som skuldast at kartet var stabilisert med to kraftige finérplater.
Longavatnet frå Forenesvatnet om Ospeskardet
- Date:
- 10.10.2026
Godversrunde med Olaug, 2 timar pluss roturen fram og tilbake. Friskt oktoberbad i vatnet etterpå av den tøffaste av oss, og då seilte det to (konge)ørner over Krunefjell.
Søndag morgon var det frost og same finveret i paradiset. Me tok det bare med ro før retur til sivilisasjonen etter fem flotte haustferiedagar. Ein fossekall liva opp i båtstøa då me skulle ro utover.
Bergeheia og Ullskrofjellet frå Forenesvatnet
- Date:
- 09.10.2026
Flott runde før regnvêret, for å møta kameraten som kom over Målandsheia på hyttebesøk. Såg ein ravn nedanfor Bergeheia. Bratt retur om Ullskrofjellet ned til hytta.
Vardhusheia frå Forenesvatnet
- Date:
- 08.10.2026
Endeleg ein flott dag denne veldige regnhausten, og den nytta me godt til tur til Vardhusheia. Tjuande besøk på kremtoppen og jubileum for meg, og ca. 4 ½ timar på tur. Skremde opp ei lirype oppunder toppen, ellers såg me ein ringtrost, ein del heipiplerker og ein meiseflokk.
Longavatnet frå Forenesvatnet om Ospeskardet
- Date:
- 07.10.2026
Klart for haustferie i paradiset vårt ved Forenesvatnet, og endeleg fekk me retteleg godver. Men det vart ei interessant erfaring med rekordhøg vannstand i Liarvatnet etter 110mm nedbør to dagar før. I Grimsli måtte me dra båten heilt opp på graset og fortøya i nokre småbuskar, og i Forenesvatnet måtte robåten ausast til gagns.
Same ettermiddagen tok eg meg ein runde om Longavatnet med ein avstikkar til austtoppen på Hamrane. Fine observasjonar av fire silender i Longavatnet og ein meiseflokk med ei tillitsfull toppmeis. I tillegg brasa det opp ein skogsfugl or krattskogen, mest truleg ein orrfugl i dette terrenget. Om lag 2 ½ timar på tur utan nærare tidtaking.
Toppraid på Austre sida
- Date:
- 04.10.2026
Fin tur med Pelle før regnet. Såg 6-8 heiloar fordelt på fleire småflokkar ved skytebanen og skremde opp ein orrhane ved Stiklestemmen. Drygt 2 timar på tur uten nærare tidtaking, flytta bilen fra Dalsneset til Burmavegen før eg gjekk på Stiklevarden.
