Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Toppraid i nordre Strand #6

Date:
27.10.2020

Todelt toppraid på Tau, først flott utsiktstur i haustsol til Ugeliåsen frå improvisert parkering ved Monane-krysset ved Rv. 13. På god sti bratt ca. 200 hm gjennom verna eikeskog, med vassing i gulna lauv. Kjempeutsikt over Tau og Bjørheimsvatnet frå toppen, som heldigvis var så vidt over tregrensa. Ned att same vegen og vidare til parkeringa ved inngangen til Taumarka, med merking til Borgåsen, Marshovet og Taurafjellet. Eg derimot, skulle til den umerka Rossåsen i same retning, først på traktorveg eit stykke før eg tok av på dårleg skogsveg og sti nordover, som krongla seg oppover og nord for det skogkledde toppunktet, men ikkje til sjølve toppen. Urutinert hadde eg gått heilt inn hit i granskogen utan å ha med GPS, og den som måtte gjera vendereis bare ca. 100m frå toppunktet, >>>

Map    

Toppraid i (nordre) Strand #5

Date:
26.10.2020

Fin samletur i Holtaheia på pf≥50m lista for Strand. Parkerte ved bommen i enden av vegen og følgte god, men blaut sti til topps på Moldhesten og Ormakam før eg fortsette stilaust bratt ned på austsida og vidare nordaust til Lågehei. Her kryssa eg blautmyra sør for toppen og busha bratt, men greit til topps. Fekk ein liten regnskur her, ellers framifrå vêr med god sikt. Vidare søraustover i retning enden av bomvegen, men ikkje heilt ned på denne. I staden holdt eg høgda opp i Ulvaskardet og over Bakkalihumpane før eg fann ned på vegen og tilbake til bilen. Om lag 2 timar på tur. Då det ennå var litt dagslys att denne andre dagen etter at me hadde stilt klokka, gjekk turen til Heia og Åsen for ein liten avstikkar oppom Åsfjellet. Flott utsikt over Åsvatnet og Heia, 32 år >>>

Map    

Syreneset fort fra Skådel

Date:
25.10.2020
Map    

Skorpeheia frå Rv. 13 ved Svotunnelen

Date:
18.10.2020

Fin kveldstur, bratt bushing opp frå austre enden av Svotunnelen. Kryssa etter kvart Melkeråna og kom inn på god sti opp til utløpet av Tjelmavatnet. Herifrå litt vestover og til topps. Flott kveldslys og utsikt mot Reinaknuten, Lauvåsen og Almåsen, og sjølvsagt over Tjelmavatnet. Om lag 450 hm og 1 ½ time på tur.

Map    

Halvmaraton frå Kåsastølen til Målandsdalen om Krøys

Date:
11.10.2020

Endå ein framifrå langtur i strålande haustver og spennande terreng i Krøys aust for Jørpelandsheia. Me sette ein bil øvst i Målandsdalen og starta frå Kåsastølen i Lyngsheia kl. 0930. Følgte den gode stien vestover til Sunnmork som var nytt bekjentskap for oss, og som viste seg fram frå si beste side; damstilt på vatnet og vakre haustfargar i liene. Ifølge Stavanger Turistforening var Sunnmork i si tid ein av dei gjevaste gardane i midtre del av Lysefjorden. Ut frå skriftlege kjelder veit me at garden var i bruk alt frå ca. 1625. Gardsdrifta vart det slutt på i 1860-åra, då den siste brukaren, Ådne Sønnmork, flytta til Amerika. Etter ein matpause i strandkanten fann me vegen vidare vestover, stilaust men greit opp Bakkane til høgdedraget vestanfor. Her var det kjempeutsikt >>>

Map    

Trollnup frå Ulevå

Date:
05.10.2020

Kosetur med familien, ca. 4 timar og 7 km på tur i brukbart ver.

Map    

Arbunuten frå Sveivida

Date:
04.10.2020

Klissvåt men fin rundtur med Solveig. Opp om Skåfonnhytta, ned om Seten og Arbuvollen; om lag 3 timar og 10 km på tur.

Map    

Rundtur på Vågslidheia

Date:
03.10.2020

Flott rundtur frå skitrekket med Solveig, snaue 3 ½ timar og 10 km på tur. Gråver med austavind og skodde som kom og gjekk. Ein del trost på trekk og bra med ryper, 25-30 i fleire flokkar.

Map