Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Eit døgn på Døldarheia

Date:
27.10.2018

Makelaust fin vermelding for helga! Tredje turen for dagen gjekk med tunge bører opp normalvegen frå Blikra. Då hadde me først parkert ein bil i Aurdal, og planen var å overnatta på toppen av Døldarheia og returnera over Sletthaug. Det vart relativt sein start, og me kappgjekk nærast med sola på vegen hennar ned i havet. Ho forsvann vestanfor Utsira før me var framme, men hadde såpass lys at me fann både varden og ein fin teltplass berre 6-7m derifrå. Det var frose i bakken, så me måtte improvisera litt med barduneringa, men det gjekk fint. Kvelden vart lang, men me kosa oss ute med bålbrenning i fint le halvvegs under eit lite overheng. Lys frå bygdene, stjernene og ein stor måne var fint selskap. Det vart som venta ei kald natt i teltet; vatnet i drikkeflaska var frose i >>>

Map    

Hålandshovda frå Hålandsheia

Date:
27.10.2018

Makelaust fin vermelding for helga! Andre turen for dagen gjekk normalvegen til Hålandshovda, om lag 1 time opp og ned i raskt tempo. Ein sidensvans, tre ungstutar og ein ravneflokk på toppen var fine faunainnslag. Førsteklasses utsikt sjølvsagt, frå denne markerte toppen.

Map    

Svartafjell og Vidhovda frå Øklandsvegen

Date:
27.10.2018

Makelaust fin vermelding for helga! Første turen for dagen gjekk frå ein grei P-plass ved Øklandsvegen til Svartafjell, og så til Vidhovda og sekundærtoppen Hovda. Først relativt tungt gjennom myr og gras til hovudtoppen av Svartafjell, med retur via eit anna toppunkt i vest. Så frå bilen igjen og runda granskogen på sørsida av vegen og til topps på Vidhovda. Ei bratt urd under Hovda var einaste passasjen som krevde litt ekstra. Straks under toppen av Vidhovda såg eg ei vaksen kongeørn som sirkla over toppen; ho vart ikkje var meg før eg gav meg til kjenne. Ho laga ein særeigen lokkelyd som eg aldri har høyrt før. På toppen var det praktfull utsikt, og i ei livdakrå var det beint fram himmelsk å vera på tur. Men etter litt mat og drikke gjekk returen over Hovda i vest og >>>

Map    

Moslivarden, Løknuten og Lammatoknuten frå Preikestolhytta

Date:
19.10.2018

Fin ettermiddagstur, ca. 3 timar. Opp på Moslivarden normalvegen om Preikestol-stien og Slåtteskardet, så ned mot nordaust og langs Midtslåttsvatnet under Løknuten. Runda knausen nord for Løknuten på austsida og bratt til topps frå nord. (Knausen heiter litle Løknuten på eit gammalt kart). Greit ned i skardet på sørsida av Løknuten og rett opp på Lammatoknuten. Derifrå kort veg rett aust til stien frå Neverdalsskardet og retur på Preikestol-stien. Rufsete terreng utanom stiane, med mosegrodd urd og ein del brattheng.

Map    

Tunglandsfjellet frå kraftstasjonen

Date:
17.10.2018
Map    

Svarefjellet, Tindafjellet og Husaheia frå Målandsdalen

Date:
10.10.2018

Flott ettermiddagstur, og endeleg kom det finver denne våte hausten; ikkje mindre enn 18 grader i Årdal! Bratt opp til Tjødnadalsheia langs traktorvegen øvst i Målandsdalen, som gjekk unna på 45 min. Så travers av Svarefjellet, med vakker utsikt over Krokavatnet og Larsgardtjødna. Til saman 1 time 20 min hit. Greit rett ned frå sørenden av Svarefjellet, og bratt men greit opp mot Tindafjellet frå vest. Litt opp og ned fram til den staselege varden, 35 min frå toppen av Svarefjellet. Eg måtte få med meg den flotte utsikten mot Nystøldalen aust for platået, og det vart i sanning eit realt magasug! Steike for eit stup, og for ein vakker dal innover mot Krostøl og utover mot Nystøltjødna. Det vart ikkje mindre dramatisk pga. ei veldig ras-sleppe like til høgre for der eg kom >>>

Map    

Arbunuten fra Arbuvollen

Date:
08.10.2018

Flott runde opp langs Skåfonnbekken og ned normalvegen til Arbuneset; skremte opp to ryper.

Map    

Kreklingdyrnuten fra Steinvollen

Date:
07.10.2018

Fin kveldstur rett opp fra Steinvollen, med retur om nordsida; ca 1 time på tur.

Map    

Lisledalen fra Godthol/Kjela P-plass

Date:
07.10.2018

Flott tur til ytterste tjørna i Lisledalen. Her er det alltid majestetisk midt mellom Rogalands to høgaste toppar. Vintraleg og ein kald vestavind gjorde at matpausen vart tatt lenger nede. Eit lemen, eit par ravnar og ein del trost holdt oss med selskap. Om lag 4 timar på tur.