Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Frå telt ved Gjendetunga til Gjendebu via Gjendetunga

Dato:
27.08.1992

Siste turdagen skulle me bare ned til Gjendebu, og returen gjekk som planlagt over Gjendetunga, som er eit fint alternativ til normalruta mellom Olavsbu og Gjendebu. Frå Gjendebu vart det Gjendebåten tilbake til bilen ved Gjendesheim og så vidare til Trondheim og studier i 4.klasse ved NTH.

Kart    

Frå Olavsbu til telt ved Gjendetunga gjennom Rauddalen

Dato:
26.08.1992

Etter langtur på 25 km frå Torfinnsbu dagen før, vart det ein svært roleg retur denne dagen i retning Gjendebu. Men med medbrakt telt som me ikkje hadde nytta sidan første natta på Bandet, valde me å ta ei natt ved Gjendetunga. Der var eg forresten over for mindre enn to veker sidan , og det er eit fint alternativ til normalruta mellom Olavsbu og Gjendebu.

Frå Torfinnsbu til Olavsbu gjennom Oksedalen/Rauddalen

Dato:
25.08.1992

Etter tre dagar i grått, vått og kvitt, opprann endeleg ein blank dag på Torfinnsbu. Snøen over ca. 1400moh som hadde vore ei plage dagen før, låg no som eit vakkert melisdryss over alle toppane. Me tykte helst at me fortente dette, og var grytidleg oppe for å få med oss mest mogleg av eventyret. Vegen måtte uansett gå vestover, og med telt på sekken stod me fritt til å velja overnatting. Me følgte T-stien i retning Eidsbugarden og fekk ein spanande tur i heilt nytt landskap. Ruta bringer vandraren like inntil noko av det flottaste tindelandskapet mellom Bygdin og Gjende; det er nok å nevna Torfinnstindane, Kvitskard- og Mesmogtinden og ikkje minst Slettmarkpiggen og -høa. Den mest krevjande passasjen var sjølvsagt Oksedalsbandet og ikkje minst Oksedalen der det beint fram rådde >>>

Kart    

Frå Gjendebu til Torfinnsbu gjennom Svartdalen

Dato:
24.08.1992

Denne tredje dagen vart helst ein liten manndomsprøve gjennom kvitkledde Svartdalen. Gradestokken hadde nemleg sokke om natta, og alt landskap over ca. 1400moh var snøkledd. Det ville bety meir enn 7 km snøvassing for oss, men til alt hell med vind og snødrev i ryggen, skulle det visa seg. Det vart som venta ingen kosetur, men derimot mange lærepunkt som me heldigvis takla godt. Mellom anna vart både stien og all merkinga borte for oss, men ved å snu oss mot drevet kunne me peila oss vidare framover i retrospekt. Dei fleste T-ane var jo synlege på lesida av steinane! Vermeldinga hadde lova «perioder med sol», men det vart diverre med eit ørlite glimt. Vel nede i Torfinnsdalen minka det heldigvis på snøen, og nede ved Bygdin var det tilnærma sommar att. Likevel vart det innenatt >>>

Kart    

Frå telt på Bandet til Gjendebu via Memurudalen/Bukkelægeret

Dato:
23.08.1992

Me vakna i teltet på Bandet til grått og vått ver, og det vart meir av det same resten av dagen. Turen ned til Memurubu gjekk oppskriftsmessig, men sidan det var så kort dit, tok me like godt vegen vidare til Gjendebu. Det freista ikkje å slå opp det våte teltet igjen, så sovesal på Gjendebu var klart å foretrekka. Som variasjon tok me stien om Memurudalen og ikkje over Sjugurdtinden, der eg gjekk med mor og far for tre år sidan. Trass det låge skydekket fekk me flott utsikt mot Knutsholet og ned Bukkelægeret mot Gjendebu.

Kart    

Frå Gjendesheim til telt på Bandet via Besseggen

Dato:
22.08.1992

Første korte kveldsetappe på 6-dagars rundtur med Sigbjørn, på veg til Trondheim og studier i 4.klasse ved NTH. Det vart ein grå tur over Veslefjellet og ned Besseggen, andre gongen for meg med telt og full oppakning på under to veker. Det var knapt med folk å sjå sidan me var relativt seine og skulle overnatta på Bandet. Me fann ein fin teltplass litt forbi Bandet, med utsikt tilbake mot Besseggen.

Kart    

Frå Olavsbu til Gjendebu via Gjendetunga

Dato:
15.08.1992

Me vakna på Olavsbu til ny finversdag etter dei to grå ved Spiterstulen og Leirvassbu . Det var kjekt på alle måtar, men ikkje minst fordi det var siste skikkelege turdagen. Ruta vår gjekk gjennom Rauddalen med Gjendebu som mål, men me valde det mykje meir spanande alternativet over Gjendetunga framfor normalvegen ned Vesleådalen. Eg hadde jo vore på den fine utsiktstoppen med mor for tre år sidan og no vart det hjarteleg gjensyn. På Gjendebu vart det ny innenatt på sovesal før retur med Gjendebåten til folkevogna som venta på oss på Gjendesheim. Så på Haugastøl sa Geir og eg takk for turen til Vegard før den lange køyreturen heim til Strandalandet.

Kart    

Frå telt ved Leirvassbu til Olavsbu

Dato:
14.08.1992

Teltmorgonen på Leirvassbu var våt, og det same prega turen til Olavsbu der me like godt kosta på oss overnatting inne etter tre netter i telt. Og dette var faktisk andre overnattinga mi på Olavsbu på ein månads tid.

Kart    

Frå telt ved Spiterstulen til telt ved Leirvassbu

Dato:
13.08.1992

Dette vart dagen derpå både på grunn av gråveret og utladinga på stortoppane dagen før. Men det gjorde ikkje noko med den fantastiske karamellen å suga på. Dette var andre turen min opp Visdalen til Leirvassbu i gråver, og denne flotte dalen fortener eigentleg alt anna. Men me fekk likevel ein fin tur med brukbar sikt, såpass at me fekk orientera oss blant alle toppane som jo kjem på rekke og rad opp gjennom dalen. Og vel framme på Leirvassbu vart det ny teltovernatting på oss.

Glittertind og Galdhøpiggen på ein dag!

Dato:
12.08.1992

Eg må ha «lege på otten» denne natta på Skautflya, for eg vakna grytidleg og åpna glidelåsen i ytterteltet med stor spaning; var det skyfritt og klart for toppforsøk på Glitetrtind eller ikkje? Ja, sanneleg slo vermeldinga til, og sjølvaste Galdhøpiggen skein imot meg i morgonsola på andre sida av Visdalen. Her derimot, var me endå i skuggen av Glittertind, og det var sjølvsagt rim på teltduken her på om lag 1500moh. Eg var som vanleg propell under slike forhold og helst klar for tur med det same, medan dei andre to vart liggande og dra seg i det uendelege. Men til slutt var alle vel oppe og klare for tur, og med ein lett sekk på deling sette me kursen for stortoppen. Og frå Skautflya er det ei 1000 hm dryg steinrøys til topps på nest høgaste fjellet i kongeriket, no nr. >>>

Kart