Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Toppraid i søre Strand #5

Date:
27.02.2021

Vinteridyllen var definitivt over, og det vart tvert imot brått vårleg på Strandalandet, og dermed tid for å fullføra pf≥50m lista for søre Strand. Kjørte til Nordland og følgte traktorvegen mot Eldridåsen til eit stykke oppe i Nordlandsdalen. Her såg det styggtett ut, men så var det brått ein sti som tok av frå vegen i rett retning, og den gjekk greit heilt til topps på Vardatoppen. Her var det eit tydeleg toppunkt med varde, men dessverre smått med utsikt. Retur same veg og forflytning til nordenden av Lerangsvatnet. Her vart det bushing rett opp på Foreåsen (eller er det heller Grimsåsen?) frå aust, men kom inn på eit utydeleg stisystem nærare toppen. Her var det fleire mulige toppunkt, bl.a. ei diger flyttblokk som truleg var høgast. Flott utsikt over Lerang frå eit >>>

Map    

Sandvevarden fra Li

Date:
22.02.2021
Map    

Travers av Lammanuten på ski fra Sandvik

Date:
13.02.2021

Flott og annerledes bestigning av Lammanuten i kjempevær. Vi gikk på ski normalvegen fra Sandvik, men tok ned på Gåsavatnet og fikk en flott puddertur over det langstrakte vatnet og opp Gåsabrekkene. Kameraten gikk videre nordover for å få med seg Ebnenuten, sin siste 50m pf topp i Tysvær, mens jeg fikk en tre kvarters småhustrig pause i den bleike februarsola. Det sørget 10-12 minusgrader og en sørlig trekk for. Vel forent igjen fulgte vi nordryggen opp på Lammanuten og fikk med oss sekundærtoppen der. Litt variable snøforhold i toppområdet, men supert nedrenn i pudder litt vest for sommerløypa. En del dyrespor etter hare, rev, smågnagere, rådyr og hjort, men ikke noe liv å se. Om lag 14 km, 700 hm og 5 ¾ timer på tur.

Map    

Travers av Vardhusheia på ski frå Liarvatnet

Date:
06.02.2021

Dette vart ein kjempetur med Solveig som hadde «alt»; stilt ver, kuling og sol; skog, vatn og høgfjell; pudder, bølgesnø og is. Etter fire skiturar i Jørpelandsheia i stilt ver og tilnærma pudder, slo det nemleg om til austavind med 12-15 m/s meldt i høgda. Me utstyrte oss derfor med ekstra varme klede, slalåmbriller og langfeller til denne turen, der me ville prøva oss over Vardhusheia med oppgang om Skitli. Det gjekk oppskriftsmessig om Grimsli og Forenesvatnet før me tok ein god pause før Longavatnet, der me rekna med at vinden tok godt. Vel oppe på vatnet skein sola, og det var ikkje så mykje vind som me hadde trudd, men herleg å vera på tur. Me kryssa over mot utløpet av Skitliåna der det var eit skuterspor som leia oss opp gjennom fore- og bjørkeskogen. Dette var nytt >>>

Map    

Røyningsbu på ski frå Hillesland

Date:
05.02.2021

Flott repetisjon av mandagens tur, men me gjekk fram til hytta over Røyningsvatnet.

Frå vatn til vatn i Jørpelandsheia #2, til Kvednavatnet

Date:
02.02.2021

Med framleis eineståande snøforhold i Jørpelandsheia og framifrå vermelding tok eg ein spontan feriedag for å nytta det sjeldne høvet. Planen var langt på veg å repetera turen min i 2018 frå Liarvatnet til Svartavatnet, men i staden gå inn til Kvednavatnet/Stemvatnet ovanom Bratteli der eg ikkje har vore før. Det var langt betre føre og spor enn forrige tur til Longavatnet like etter det første skikkelege snøfallet i januar, og eg var faktisk oppe i sola ved Longavatnet etter berre 1 ½ time, som må vera ny rekord for meg. På myra før vatnet hadde sjølvaste skogens konge trava rett over skisporet i lange kliv, for det var store djupe spor i snøen. Dei såg ut til å vera heilt ferske, så eg vil tru han hadde høyrt meg og søkt seg vekk. Vel oppe i sola tok eg ein matpause ved hytta som var >>>

Map    

Røyningsbu på ski frå Hillesland

Date:
01.02.2021

Flott kveldstur med Olaug, retur med hovudlykt. Akkurat nok snø til å kunna gå på ski langs traktorvegen. Hubrokall frå Hillesland på heimveg.