Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Lieblingstouren
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Travers av Nordre Maradalstindar og
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Lieblingsgipfel
Frå Forenesvatnet til Liarvatnet om Holma- og Øyavatnet
- Datum:
- 01.02.2026
Søndagen ved Forenesvatnet pakka me oss ut av hytta for retur kl. 1020. Den opphavlege planen om å gå over Målandsheia til Rv. 13 ved Boremyr vart skrinlagt, for me hadde bestemt oss for å nytta dei fine isforholda til ein meir uvanleg tur. Planen var nemleg å gå tilbake til utgangspunktet i Dalen via Holmavatnet, Øyavatnet, Nagatjødnane og Svortingsvatnet/Lågalia. Som tenkt, så gjort!
Me kryssa Forenesvatnet og gjekk eit stykke nedover mot Grimsli før me følgte eit naturleg drag opp til stien langs Tverråna. Her var me oppom eit høgdepunkt før me tok oss vidare opp til Holmavatnet. Her etter ein times tid på tur, bles det ein kraftig austavind beint imot, akkurat som meldt. Her måtte óg kameraten gjera vendereis til hytta etter ein gjengløymt mobiltelefon, så me var to som rusla vidare >>>
