Kaare_70

Kaare_70

(Member since: 25.02.2011)
Account GSM GSM

Velkomen til tursida mi!

Eg er oppvaksen på Jørpeland på 70-talet med tur og natur i blodet; det var meir enn nok å ta av i Jørpelandsheia dei første åra. Seinare har det blitt mange turar i Ryfylkeheiane, og ikkje minst har Jotunheimen bergtatt meg sidan første tur som 17-åring. Nå når eg bur på Karmøy er det gjerne Etne- og Haukelifjell som er målet. Dessutan er Folgefonn- og Rosendalsområdet ei perle.

Alle slags turar er aktuelle, men jo høgare og finare utsikt, jo betre! Vårskiturar, klyving og ikkje minst breturar gir livsglede av beste sort, det same gjeld ein fin vår- eller hausttur i Jørpelandsheia. Teltliv vert det altfor lite av, men målet er 10 netter ute i året.

Ei stor takk til dei som gav meg denne arva, som eg óg prøver å gi vidare!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.