Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Ådnafjellet/Slettafjellet fra Løyning

Date:
31.05.2023

Fin tur fra Hesjadalen ved Løyning, snaut 2,5 km i luftlinje sør for toppen på denne ryggen som er så karakteristisk fra E39. Var også oppom det nordligste toppunktet som ligger 200m lenger nord enn punktet som er markert som høyest. Sistnevnte ligger 50m NNV for trigpunktet. Fulgte ryggen småkupert til topps med retur samme veg, og litt einerkriging måtte til. En oppskremt orrhøne stod ellers for underholdningen. ¾ time til topps, 1 time 40 min på tur.

Map    

Frå Longavatnet til Dalavegen om Øyavatnet og Revafjellet

Date:
29.05.2023

Morgonen ved stemmen i Longavatnet/Vardhustjødnane vakna eg til retteleg finver, men i skuggen av høgreiste Vardhusheia let sola venta litt på seg. Eg hadde med vilje vore oppom stortoppen kvelden før , i tilfelle det tetta seg til med skodde gjennom natta, men det viste seg å vera unødvendig. Uansett ville beina få kjørt seg denne dagen, for planen var å tråkla seg heilt heim til Førland, ein tur på snaue 2 mil, så det var godt kva som var gjort. Planen var å gå om Ospeskardet, Øyavatnet, så kanskje over Revafjellet og i alle fall til stemmen i Svortingsvatnet. Vidare ville eg unngå Dalavegen og tenkte å gå heim om Tinturvatnet og Selemork. Som tenkt, så gjort! Heilt her inne var det som venta folketomt, og eg hadde bare sett folk i to av hyttene kvelden før. Første etappen langs Longavatnet >>>

Map    

Frå Liarvatnet til Longavatnet med solnedgang på Vardhusheia

Date:
28.05.2023

Maitur i Jørpelandsheia – endåtil med teltovernatting – heng svært høgt, og dette vart eit bra plaster på såret då årets pinsetur i Jotunheimen bles og snøa vekk. Planen var å gå inn til Longavatnet frå parkeringa ved Liarvatnet og så tråkla seg heilt heim til Førland derifrå etter ei overnatting. Kveldsturen inn gjekk oppskriftsmessig på 2 timar til stemmen i Longavatnet via Grimsli. Då hadde eg gleda av å høyra to lomar skrika og kakla i Liarvatnet, men eg hadde ikkje kikkert så eg kunna vita sikkert om det var stor- eller smålom. Men både fordi han er vanleg i denne heia og fordi eg har sjekka lyden i ettertid, er det ganske sikkert at det var smålom. Ei flott oppleving av ein retteleg sky fugl! Sidan snøsmeltinga stort sett er ferdig for i år, var det som venta >>>

Map    

Jendemsfjellet fra Jendem P-plass

Date:
24.05.2023

Kjapp tur i kraftig blest, så vidt over 1 ½ time på tur. Vi var heldige og gikk klar de kraftige bygene som gikk i området.

Map    

Flott vårnatt i bivuakk på Bjønndalsvio

Date:
20.05.2023

Flott natt i sovepose og vindsekk på toppen av Vio, 1m frå varden på hovudtoppen 885moh. Brukte snaut 1 ½ time frå parkeringa på Skarstøl om Ytre Jordavatnet. Ei stund såg det trugande ut med mørke skyer, men heldigvis kikka både Venus og Karlsvogna fram etter kvart, så det vart ikkje nedbør. Vakna som venta til blank himmel morgonen etter og tok ein roleg runde om sekundærtoppane 881moh og 882moh før retur same veg som eg kom. Då hadde det lege tett skodde nede i alle bygdene heile føremiddagen. Sjeldan flott observasjon av eit boltit par på Vio, dessutan var det mange fløytande heiloar, ein spelande enkeltbekkasin og ein del skrattande ryper. Ennå svært mykje snø og isdekte vatn i høgda.

Map    

Falnes/Trivarlia fort heimefra

Date:
16.05.2023
Map    

Uburen frå Rossabø P-plass

Date:
01.05.2023

Rart å endeleg koma seg opp på Uburen etter å ha sett på han i 53 år! Eg vart positivt overraska over turen etter kritikken mot herjinga til Lyse i anleggsperioden for det nye fjordspennet. I alle fall var sjølve toppunktet uberørt, og som venta med framifrå utsikt. Eg gjekk ikkje fram mot Høgsfjorden, men returnerte same veg som eg kom. Litt over timen og snaut 350 hm på tur.

Map