Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Frå Sandvatnet til Målandsdalen på ski

Date:
26.03.2022

Denne helga skulle me eigentleg vore på Krossvatn og fått med oss ein del toppar i Dyraheio, men med svært dårleg ver meldt på fredagen, måtte det bli ein god plan B. Etter den fine turen min i Lyngsheia tidlegare i veka, der eg hadde sett at det var fine snøforhold vidare vestover mot Krøys, kom eg på tanken om denne langturen frå Sandvatnet til Boremyr i Målandsdalen. Då lørdagen opprann med stilt og fint ver, var det inga tvil, og med ein bil i kvar ende starta me frå høgaste punktet på Songesandvegen ved Sandvatnet. Tanken var å få med oss utvalde toppar og utsyn på den opptil 3 mil lange turen, og me rekna med å vera ute heile dagen. Etter å ha forsert ein rekordhøg brøytekant på nærare 1,5m la me enkelt turen oppom Jamnarheia, der me delte oss. To av oss ville ta Sandvassgjuvet i nærare augesyn, >>>

Map    

Bergsnuten og Higraheia frå Lovra til Bogslia

Date:
25.03.2022

Om lag 6,5 km, 625 hm opp / 600 hm ned og 2 ½ timar på tur i skodde og regn. Skremde opp ei orrhøne, ellers lite liv å sjå.

Map    

Åsliknuten og Krostølfjellet på ski frå Folkehjelpshytta

Date:
23.03.2022

Med eineståande vermelding og snøforhold i Lyngsheia vart det endå ein spontan feriedag, og utruleg nok min første skitur her sidan ein skuletur tilbake på 80-talet. Planen var å prøva seg opp mot Sandvatnet og eit par av toppane der, i alle fall Krostølfjellet som eg hadde sett bort på frå Veraheia i haust . Eg følgte skutersporet frå parkeringa ved Folkehjelpshytta til myrene sør for Kubbåsen, vidare langs 602-vatnet og opp til Sandvatnet. Det var fin snø på vatnet og garantert trygg is, så eg holdt god fart langs vestbreidda av vatnet med kurs mot Pramstød. Det var folk i ei av hyttene her, som eg óg møtte på Krostølfjellet seinare. Etter ein snau times gange til Pramstød var det eit enkelt valg å prøva seg på Åsliknuten først, og med lett sekk gjekk det greit opp den bratte nordhellinga >>>

Map    

Arafjella fra Snørteland

Date:
20.03.2022
Map    

Toppraid i Tysvær #1

Date:
13.03.2022

Lavlandstur i fint og mildt, men vindfullt vær, med mål om å besøke noen gjenværende topper i Tysvær. Først prøvde vi oss mot Heggelifjellet/Varafjellet fra Bringedal i sør, der jeg har gått opp to ganger før, men der ble vi faktisk bedt om å ha oss vekk av kona på garden. Det er første gang jeg har opplevd noe slikt etter 40-50 år på tur, og nokså uforståelig slik vi hadde parkert i god avstand og kom gående i fredelig ærend. Men vi ville ikke krangle, så i stedet kjørte vi til der vegen tar av til Sandbekken lenger øst i Heskjadalen og gikk på greit merket sti derifra. Jeg var på Heggelifjellet 252moh for 5 år siden , så vi droppet det toppunktet nå, men gikk i stedet bratt opp på Varafjellet 254moh litt lenger øst. Her var det treløst og flott rundskue, og vi tok en matbit >>>

Map    

Haugsnuten og Kistefjell fra Korlevoll

Date:
09.03.2022

1 ½ times kveldstur i fint, men kaldt vær.

Map    

Oddavarden fra Korlevoll

Date:
08.03.2022

Rask ettermiddagstur i perlevær, før en bedre komlemiddag. Om lag 50 min. opp og 25 min. ned er raskt til å være "lofferen" meg.

Map    

Krunefjell, Husaheia m.fl. på ski frå Målandsdalen

Date:
03.03.2022

Så fint som veret vart utover denne vinterferien, måtte eg ta ein spontan feriedag, og vegen vart endå ein gong lagt til Målandsheia. Det hadde ikkje vore folk oppover traktorvegen sidan eg var der sist , men derimot hadde det frose på slik at eg fekk ein lett oppgang på langfellene. Bare 50 min. etter avgang frå bilen var eg derfor oppe ved demninga i Sagåna, og her var det som venta flott sol, men óg ein kald vind frå søraust. Eg måtte på med ytterjakken, og den var på heile resten av turen. Det same var kortfellene som hang greit på skaren, og heldigvis var det fast og fint, og ikkje gjennomslagsføre. Eg hadde ikkje hatt heilt klar plan for denne turen, men i alle fall tenkt å starta vestover mot Krunefjell. Turen gjekk derfor opp til Målandsvatnet og vidare sørover mot toppen av Bergeheia. >>>

Map