Archive - Date
Archive - Activity
Favourite trips
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Nordre Maradalstind og Styggedalsryggen
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favourite peaks
Hellebrekkene fra P-plass i sør
- Date:
- 31.03.2021
Kveldstur fra Langøysundet sør for toppen. Følgte traktorveg som gjekk over til sti opp til ei koie oppunder toppryggen, som viste seg å ligga 5-600m vest for toppunktet. Busha stilaust til topps herifrå gjennom kratt og til slutt småkrevande klyving opp tre skrentar like før toppen. Retur same veg.
Pga. bushinga brukte eg 15 min ekstra kvar veg mellom koia og toppen. Flott utsikt i solnedgangen, til saman 1 ½ time på tur.
Eit godt tips må vera å ta kurs rett mot toppen der traktorvegen går over til sti.
Gråknuten frå Preikestolhytta
- Date:
- 27.03.2021
Etter øyhopping med toppshopping på Hidle og Heng vart det også tid til ein offensiv avslutningstur på pf≥50m lista for Strand, nemleg til Gråknuten sørvest for Revsvatnet. Her vart det god nytte av bomturen i fjor sommar , og som sist følgte eg T-stien langs sørsida av vatnet før eg tok bratt opp på ryggen nord for toppen. Til endes lengst sør på ryggen måtte eg bratt ned ei renne til det som heiter Litlafjell på kartet. Her gjekk eg på nødlingar som viste veg sør for toppen før eg runda enkelt opp til topps.
Som venta flott utsikt over Gloppavatnet og Revsvatnet med omkringliggande toppar, og endåtil ut Gydalen heilt til dagens første øytopp på Hidle. Kjekt å avslutta denne interessante lista med ein så fin topp i framifrå ver. Retur same veg og tilbake ved bilen etter 1 ¾ time på tur.
Kråkeberg og Høgabakka frå Tau
- Date:
- 27.03.2021
Så var dagen komen til å løysa største utfordringa på lista over pf≥50m for Strand, nemleg øytoppane på Hidle og Heng. Det vart elegant løyst med eit sporty ja frå Tau båtforening. Med ein rask båt denne fine vårdagen midt mellom to uversdagar, gjekk det ikkje meir enn eit kvarters tid på kvar av dei tre båtetappane.
Først stod Hidle for tur, eller rettare Sør-Hidle fordi Nord-Hidle er ei av Sjernarøyane. Med påkledning for kald båttur vart det ein sveitt gåtur i solsteiken frå Hidlevågen til topps på Kråkeberg/Hettulhaugen på 81 moh. Her var toppunktet udiskutabelt og lett å finna lengst sør på øya, og med framifrå utsikt mot Rennesøy, Åmøy og Tau. Ryfast tek faktisk ein sving innunder toppen, eg vil tru for å ta inn luft om lag midtvegs.
Etter ein halvtimes >>>
Aust for Kreklingdyrflotte og Smørviknuten fra Råsehallet
- Date:
- 20.03.2021
Flott føremiddagstur før det sette inn med kuling og fokk for alvor. Fem kvitkledde ryper liva opp. 2 ½ timar på tur.
Råsanutane og Tyrvelinuten fra Råsehallet
- Date:
- 19.03.2021
Vindfull ettermiddagstur etter vindstilt tidlegare på dagen. Då eg var nede att, var det såpass bra ver at eg vart frista til å gå på Søre Råsanuten ein gang til, og rann ned trekket derifrå.
Steinavatnet fra Seljestad
- Date:
- 16.03.2021
Flott føremiddagstur på 51-årsdagen, om lag 1 ½ time fra Hesjabakk til Steinavatnet, 40 min. ned att, snaue 2 ½ timar på tur.
Oddavarden fra Langedalen/Solfonn
- Date:
- 14.03.2021
Ny inngang til løypenettet på Seljestad for meg, og første gang på Oddavarden. Drygt opp Solfonnryggen på delvis klabbeføre. Svært vekslende vær, og surt på toppen. Retur samme veg. Start på ca. 580 moh, snaut 100hm lavere enn Korlevoll.
Gaupåsen fra Helgaland
- Date:
- 08.03.2021
Flott godværs kveldstur til denne kanon utsiktstoppen nord i Nedstrandsfjella. Med over 5 km hver veg på skogsveg, er sykkel i praksis obligatorisk, og slik selvsagt også for oss. Vi fikk en effektiv tur, og var på toppen bare 1 time etter start fra Helgaland. Vi fant stien som beskrevet her på PB av pmonstad og fulgte den greit til topps.
Etter en brødskive og beundring av utsikt og solnedgang, samt en interessant rundtur til stupkanten i vest, gikk returen samme veg. Tilbake ved bilen etter temmelig nøyaktig 2 timer på tur, og da fikk i alle fall mine spinkle dekk grundig juling nedover skogsvegen. Jeg har mange ganger kjørt langs Vindafjorden, sett over til prominente Gaupåsen og gledet meg til å stå på toppen. Herved anbefalt en finværsdag, slik vi fikk oppleve!