Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Frå Hengjane til Liarvatnet om Preikestolhytta og Mosli

Datum:
25.09.2022

Dag 2 av langtur gjennom Jørpelandsheia, om lag 16 km (derav snaut 2 km i bil) og 5 ½ timar på tur. Natta ovanom Hengjane etter den flotte langturen frå Liarvatnet dagen før, vart roleg med unntak av nokre kvinkande kattugler og besøk av ein gryntande hjort. Etter å ha vore oppe eit ærend midt på natta til ein overveldande stjernehimmel, vakna eg til lågt skydekke i 08-tida. Dermed skrinla eg både planen om å få med meg Bratteliknuten og heimtur om Godlifjellet og Svortingsvatnet. Etter frukost hadde skodda bare trekt seg lenger ned, og annan returveg en T-stien til Preikestolhytta var helst uaktuell. Men det var sju år sidan sist eg gjekk langs Skogavatnet på tur til Husafjellet , så det var ingen ting å syta med. Korleis eg skulle koma meg frå Preikestolhytta til bilen ved Liarvatnet fekk heller kverna i hovudet på vegen!

Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og Bratteli

Datum:
24.09.2022

Dag 1 av langtur gjennom indrefileten av Jørpelandsheia, om lag 18 km og 7 ½ timar på tur i strålande haustver. Denne turen gjennom noko av det finaste landskapet Jørpelandsheia kan by på, har stått på gjere-lista mi lenge. Då det laga seg med både finver og ledig tid denne septemberhelga, vart sekken pakka for teltovernatting. Turen til 620-toppen vest for Kvednavatnet i fjor gjorde meg merksam på den nødla stien mellom Longavatnet og Bratteli, og den gangen lova eg meg sjølv å gå vidare til Bratteli ved første anledning. I tillegg til dette strekket var austsida av Longavatnet ukjent lende for meg, utanom to flotte skiturar opp Skitli. Lørdag morgon starta eg aleine frå parkeringa ved Liarvatnet kl. 0850 og var som vanleg inne i Grimsli etter ein times tid. Her kom eg ut av skuggen og inn i sola, >>>

Karte    

Skorpeskarnuten frå Litlavatnet og Hongsnuten frå Sandvatnet

Datum:
18.09.2022

Dag 3 av langhelg med utgangspunkt ved Sandvatnet, om lag 10+3 km og snaue 6 timar på tur i fint, men vindfullt haustver. Søndags morgon vakna me i 08-tida om lag 100 hm ovanom og vest for Litlavatnet til fint men hustre ver, og etter vermeldinga skulle det skina retteleg opp utover dagen. Kl. 09 var me av garde oppetter Blydalen med mål om Skorpeskarnuten, og etter bare ¾ time var me oppe på den flotte utsiktstoppen. Det var god sikt og kjende toppar og landskap på alle kantar, og me såg endåtil heilt ned til ein av gardane i bygda. Dette var litt av bakgrunnen for at me bar teltet med oss såpass høgt dagen før , nemleg at me skulle koma oss på Skorpeskarnuten. Og etter ein del bilder og kikkertstudier returnerte me same veg til teltet, tok ned dette og sala på med sekkane att kl. 11. Så vart det ein enkel >>>

Karte    

Raudberga og Simlenuten frå Sandvatnet

Datum:
17.09.2022

Dag 2 av langhelg med utgangspunkt ved Sandvatnet, om lag 17 km og 8 timar på tur i fint, men vindfullt haustver. Laurdags morgon vakna me makeleg ved Sandvatnet kl. 0820, men til litt småregn på teltet. Det var ikkje heilt uventa, for vermeldinga var litt gråare enn den strålande dagen før . Men dråpane gav seg alt til me skulle ha frukost, og planane om langtur til Raudberga og Simlenuten nordover og vest mot Kvanndalen var det ingen grunn til å endra. Til det var skylaget heldigvis for høgt. Med heile 10 km i luftlinje til sistnevnte var planen å ha med telt for overnatting om lag halvvegs; som tenkt, så gjort. Kl. 0950 var me av garde på T-stien mot Holmavasshytta, men alt ved stidelet til Kvanndalen tok me nokså beint nordover og kom etter kvart opp i den flotte dalen der Tverråna slyngar seg nedover >>>

Storhellernuten og Skyvassnuten frå Sandvatnet

Datum:
16.09.2022

Dag 1 av langhelg med utgangspunkt ved Sandvatnet, om lag 15 km og snaue 6 timar på tur i flott haustver. Dette vart ei flott hausthelg lengst nordaust i Rogaland med hovudmål om å koma oss opp på dei gjenverande tre stortoppane over 1400 moh i dette hjørnet av fylket; Storhellernuten like aust for Sandvatnet og Raudberga og Simlenuten vest mot Kvanndalen og mykje lenger nord. Finver var ei klar forutsetning for tur i dette høgfjellsterrenget, og finver var meldt, rett nok med ein del vind frå nordleg retning. Fredagen kjørte me til Sandvassdammen og kunne starta derifrå på makelege 950 moh kl. 1140. Sist me var her oppe i 2013 , var me på Fitjanuten, så det var helst på tide med eit nytt besøk. Denne dagen var målet så mange av toppane aust for Sandvatnet som mulig, og på denne sida hadde ingen >>>

Karte    

Middagsåsen frå Målandsdalen

Datum:
13.09.2022

Rask ettermiddagstur mellom regnbygene, 35 min. til endes på traktorvegen, 20 min. vidare til topps på Middagsåsen frå aust og ein times tid på returen. Hammaren ovanom skardet aust for Middagsåsen, like under toppen, som var snøkledd og stoppa meg sist , var like uaktuell på fuktig haustføre, men litt lenger mot sør fann eg ein grei oppgang. Ellers såg eg to kongeørner i luftig svev over Såta, akkurat som sist eg var der . Det lovar godt for hekking her i dette relativt kuperte og lite besøkte området.

Karte    

Syreneset fort fra Skådel

Datum:
11.09.2022
Karte    

Vassdalseggen fra Godthol/Kjela P-plass

Datum:
03.09.2022

Førsteklasses finværstur, om lag 18 km, 750 hm og 7 ¼ timer ad normalvegen med en god pause på toppen. Et titalls ravner over Kistenuten og et enslig lemen stod for underholdningen. Ellers uvanlig mye folk på tur denne lørdagen, sikkert 25-30 personer til sammen, men vi fikk i alle fall være alene på toppen. Jeg hadde gleden av å ha med kikkert, og mener at jeg kunne ta ut alle toppene i Rogaland over 1500 moh fra Vassdalseggen, det var jeg ikke klar over sist jeg var der. Se kartutsnitt med siktelinjer nederst, som bekrefter dette.

Karte