Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Forsøk på Middagsåsen på ski frå Målandsdalen

Date:
26.02.2022

Dette vart endå ein skitur til Målandsheia, men vermeldinga som lova sol og vind endra seg til overskya og vind, endåtil med litt nedbør. Vel oppe ved demninga i Sagåna var det såpass surt at eg valde å ta ein matpause og venta til snøbyga var over. Utan slalåmbriller var det ikkje triveleg å gå sørover med fokk beint imot. Hovudmålet med turen var den lite prangande Middagsåsen som i alle fall må vera ein fin utsiktstopp, og så kanskje ein runde rundt Salane og tilbake om Grautabotn. Då byga var over, rann eg i fin og djup nysnø frå Prammaleitet nedover mot oppgangen til toppen. Det var småkupert, men så mykje snø at eg kom meg fram over alt; retteleg flotte forhold og endåtil i brukbart le. Eg hadde studert kartet og på førehand kome fram til at den relativt bratte >>>

Geithaug, Aurfjellet og Dalshaugen frå Blikshavn

Date:
19.02.2022

Om lag 1 ½ time og 5 km på tur i vekslande kjølig ver. Retur om Peradalen og Austre Karmøyveg. Vel tilbake i bilen igjen begynte snøen å lava ned, og det enda med at det la seg 10-12cm våt snø.

Map    

Vardhusheia, Bergeheia og Salane på ski frå Målandsdalen

Date:
11.02.2022

Etter ein uvanleg sur og grå start på 2022 var det endeleg meldt ein halv dags flott vervindu denne fredagen, og eg bare måtte nytta høvet og ta fri frå jobben. Det låg nemleg óg an til skiføre på Målandsheia att etter ein periode med mildver. Turen vart derfor lagd opp traktorvegen frå Boremyr på lovande snøføre, og etter snaut 50 min. gange på kortfeller var eg oppe ved den nye demninga i Sagåna. Snøforholda her oppe var over all forventning, og nesten like fine som i fjor vinter. Brått opna det seg derfor mulighet for langtur, kanskje heilt til Vardhusheia att! Det var ikkje spor etter anna enn dyr så langt, men eg hadde sett far etter både hjort, rådyr og truleg rev, i tillegg til at eg skremde opp ei kvitkledd lirype. Eg la vegen over brua nedanfor demninga og vidare >>>

Map    

Gråtinden og Tveitåsen fra vegen til Alstveit

Date:
05.02.2022

Drittvær meldt, og det måtte bli noen småtopper. Etter forrige tur til Såt hadde jeg svingt oppom Alstveit fra Hinderåvåg for å rekognosere for tur til skogkledte Gråtinden og Tveitåsen. Som flere andre valgte jeg derfor å starte fra en P-lomme på vegen til Alstveit for å kunne kombinere toppene på samme tur. Det var faktisk fint oppholdsvær ved turstart, 1 grad og et tynt lag snøslaps. Med toppen av Gråtinden markert på GPS var det bare å bushe seg opp fra Alstveit og returnere samme veg. Som ventet ingen utsikt, men god trim i greit framkommelig skog, såvidt over 45 min. t/r bilen. Den bratte og skogkledte Tveitåsen hadde jeg mer bange anelser for, og med toppen markert på GPS tok jeg strak kurs over noen hogstfelt. Var innom en sti og krysset en skogsveg, men valgte å ikke følge skogsvegen(e) >>>

Map