Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Lieblingstouren
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Travers av Nordre Maradalstindar og
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Lieblingsgipfel
Frå Forenesvatnet til Målandsdalen om Husaheia
- Datum:
- 30.11.2025
Søndag morgon ved Forenesvatnet tok me det med ro og starta dagen med ein liten rekognoseringstur rundt hytta. Det var gråare i vêret, men opphald etter nedbør om natta. To-tre toppender var å sjå ute på vatnet og dessutan ein del granmeiser i skogen. Det var heilt ferske spor i myra etter det som måtte vera skogens konge, og dessutan såg me ein heil del skit.
Etter å ha rydda oss ut av hytta i 12-tida, la me vegen oppover mot Longavatnet igjen, men svingte av frå stien ved den øverste hytta med kurs for Brogaheia. På ny såg me ei kongeørn i luftig svev, og seinare jamvel ei på ganske nært hald oppe ved Brogavatnet.
Etter å ha vore bortom minnesmerket etter det allierte flysleppet på Brogaheia tok me oss opp til Husaheia via utløpet av Brogavatnet. Her vart me eksponerte for ein kald austleg vind, så då me ville >>>
Frå Tysdal til Forenesvatnet om Solknuten
- Datum:
- 29.11.2025
Flott overnattingstur i Jørpelandsheia i mellomsesong, med standsmessig overnatting i Jarle si hytte ved Forenesvatnet. Mellom anna fordi båten var snudd for vinteren la me start- og sluttpunktet til Tysdal og Boremyr i Målandsdalen. Dei 550 hm opp til Fonna frå Tysdal gjekk radig på om lag ein time, og i 12-tida var me oppe på denne vesle, men fine utsiktstoppen. Her kunne me observera to kongeørner i luftig svev over Krunefjell, men me møtte óg ein hjortejeger som var minst like overraska som oss over å treffa folk.
Me skulle bare ned til Forenesvatnet, men tok ein sving oppom Solknuten som óg er ein framifrå utsiktstopp. Nede på Tysdalsheia såg me óg kameraten til hjortejegeren, og dei hadde nok likt betre å rå over jakt-terrenget aleine – såpass forstod me!
I 1330-tida >>>
Medfjellsvarden fra Skjenet/Hillesland og heim
- Datum:
- 09.11.2025
Brogaheia frå Liarvatnet
- Datum:
- 07.11.2025
Finverstur til minnesmerket etter flysleppet på Brogaheia under krigen. 81 år sidan sleppet den komande natta og på tide å bytta ut flagget ! Førsteklasses skyss og lag med Jarle over Liarvatnet og Forenesvatnet, og med traktering og drøs i hytta hans etterpå.
