Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Semi-travers av Håøya fra Tåjebukta

Date:
16.05.2026

Flott tur med skipper Sigbjørn til topps i Frogn. Om lag 5 timer på tur inkludert en drøy time i båt hver veg fra Nærsnes til Tåjebukta nord på Håøya. Så minst 9 km, 350 hm og 2 ½ timer t/r Varden og Haubits-batteriet med flott utsikt mot Oscarsborg. Såg trolig både en havørn og to fiskeørner. Finvær helt til returen med båten, hvor vi fikk skikkelig øsregn som meldt.

Map    

Brogaheia frå Forenesvatnet

Date:
03.05.2026

Tur frå hytta ved Forenesvatnet opp til minnesmerket på Brogaheia etter det allierte flysleppet der under krigen. Flott ver og godt selskap! Etter mat og rydding på hytta gjekk turen heim att etter ei førsteklasses langhelg i paradiset. Såg ein raudstjert som dirra kjennesleg med stjerten ved hytta, dessutan såg me ein storlom på svært nært hold i vatnet då me rodde inn i inste vika. Og på Brogaheia såg me ein småfalk (dverg- eller tårnfalk) i flukt. Lom – truleg smålom – såg me både i Forenes- og Liarvatnet på heimturen.

Map    

Hamrane frå Forenesvatnet

Date:
02.05.2026

Flott utsiktstur frå hytta ved Forenesvatnet , etter at me hadde vore t/r Dalen og henta ungdomane og Pelle. Andre besøket mitt på toppen sidan 2018 , og første gangen frå denne sida. Såg eit silandpar i vatnet og skremde opp ein orrfugl nedanfor toppen. Dessutan – ganske overraskande – flott observasjon av ein einsleg storlom i vatnet om morgonen. Om kvelden blei det òg ein tur til eit høgdepunkt oppunder veggen på Krunefjell.

Map    

Longavatnet frå Liarvatnet/Grimsli

Date:
01.05.2026

Flott tur med Olaug til Jarle si hytte ved Forenesvatnet i tilnærma sommarver! Tok òg ein sving oppom stemmen i Longavatnet. Mange fugleobservasjonar: endå ein gang smålom par i Liarvatnet, årets første svartkvitar ved hytta, dessutan ei eller fleire trepiplerker og ei dvergspett ho same staden. Fantastisk kveld med vindstilt, Venus og Jupiter i vest og kvinkande kattugle, rugdetrekk og flaggermus.

Map