Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Hamrane frå Forenesvatnet

Dato:
02.05.2026

Flott utsiktstur frå hytta ved Forenesvatnet, etter at me hadde vore t/r Dalen og henta ungdomane. Såg eit silandpar i vatnet og skremde opp ein orrfugl nedanfor toppen. Dessutan - overraskande - ein storlom i vatnet om morgonen. Om kvelden blei det òg ein tur til eit høgdepunkt oppunder veggen på Krunefjell.

Kart    

Longavatnet frå Liarvatnet/Grimsli

Dato:
01.05.2026

Flott tur med Olaug til Jarle si hytte ved Forenesvatnet i tilnærma sommarver! Tok òg ein sving oppom stemmen i Longavatnet. Mange fugleobservasjonar: endå ein gang smålom par i Liarvatnet, årets første svartkvitar ved hytta, dessutan trepiplerker og ei dvergspett ho same staden. Fantastisk kveld med vindstilt, Venus og Jupiter i vest og kvinkande kattugle, rugdetrekk og flaggermus.

Kart